Fredag 30.juli 2010
Kunnskapsministeren inviterer ungdomsskuleelevar til å koma med forslag til korleis skulen kan bli betre. Bildet er frå Ål ungdomsskule.
FOTO: Embrik Rudningen

Elevar skal fornye ungdomsskulen

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) ber ungdom frå heile landet om hjelp til å fornye ungdomsskulen.

Fontstørrelse A A A

Neste år legg kunnskapsministeren fram ei eiga stortingsmelding om ungdomstrinnet.

Meldinga er ein del av dugnaden for å få fleire til å gjennomføre yrkes- og vidaregåande opplæring.

Mangelfulle kunnskapar frå ungdomsskulen er den enkeltfaktoren som har størst betydning for at elevar ikkje fullfører.

– Ungdomsskulen har vore litt «gløymt» dei siste åra. No vil eg invitere ungdom frå heile landet til direkte møte med meg for å gi innspel til kva tiltak dei har mest tru på, seier Halvorsen.

Møta med ungdommar skal gå føre seg utover våren.

Til kvart arrangement vil det bli plukka ut 10–12 elevar frå ulike regionar.

Dei skal mellom anna diskutere fordelinga av fag og timar og korleis ein skal få til ei meir praktisk og verkelegheitsnær opplæring.

Opplæring av elevar med særskilde behov og minoritetsspråklege kjem også til å stå på timeplanen.

©NPK

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:18 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article139522.ece

annonse
annonse
annonse
annonse