Tjuveriet skjedde etter alt å døme natt til fredag.
– Eg håpar nokon som er ute på nattetid kan ha sett noko, seier eigar av bilen Magne Olav Thorset.
Bilen var ny i november og er ein burgunderraud Mercedes sprinter, med kvitt skåp-påbygg.
Registreringsnummeret er KB 38655.
Eigar og politi ber dei som har sett noko ta kontakt med politiet.
– Bilen er forsikra, men det blir likevel eit tap om han ikkje kjem til rette. Det var varer i han òg, seier Thorset.
Kommentarar
Skriv ein kommentar
Tips ein ven
RSS
KONTAKT OSS

Ein liten lastebil vart stolen utanfor Fanitullen i Hemsedal førre veke.