Sjølv ein liten idrettsskade kostar i snitt 2.200 kroner i medisinske utgifter, og 11.000 i tapt arbeidsinnsats.
Småskadene påfører samfunnet ein såkalla totalkostnad rekna til 44.000 kroner.
Dersom alle dei 3.520 ulykkene frå 2007/2008 var lettare skader, ville dette åleine utgjere 7,3 millionar i medisinske utgifter, heile 35 millionar i tap på arbeid og 100 millionar i samfunnseffekt.
For 2007/2008-sesongen tilsvara det 36 prosent av omsetninga til skisentera.
Legg ein Transportøkonomisk institutt sin rapport frå 2007 til grunn kostar 1.000 skadde i Hemsedal minimum 44 millionar kroner.
I fjor vart 417 skadde i alpinanlegga på Geilo. Prislappen er minst 18,5 millionar.
Det er føresett at alle skadene er mindre alvorlege.
Utgiftene for moderate ulykker er dobbelt så store.
Ei enkelt alvorleg ulykke er prissett til 3,3 millionar kroner.
RSS
KONTAKT OSS

Dei fem største alpinanlegga i Norge påfører samfunnet ei årleg rekning på 144 millionar kroner i skader.