Fredag 30.juli 2010
Denne vinteren har det vore mykje austavêr og lite snø i vest.
FOTO: Sigmund Krøvel-Velle

Lite snø trugar fisken

Den tøffe vinteren får følgjer for fjellauren.

Fontstørrelse A A A

Botnfrosne bekkar og elvar på Hardangervidda kan ha medført egg- og auredød.

– Det er stor risiko for at det same som skjedde vinteren 1995/96 også har skjedd i år, seier professor Reidar Borgstrøm ved Institutt for naturforvaltning på Universitetet for Miljø- og Biovitskap på Ås, til Hardanger Folkeblad.

Det har ikkje vore nok snø i vinteren til at han isolert og hindra frost.

Vinteren 1995/96 var det også svært lite snø på Vidda.

Dei klekte egga og all fisken strauk med då dei større elvane den vinteren frus heilt til botnen.

Ein konsekvens av dette var at yngelen som vart klekt i 1997 fekk matfatet for seg sjølv.

I 2003 oppmoda Borgstrøm folk til å fiske for å hindre overbefolkning i elvane.

Lite nedbør og kulde har truleg på nytt medført botnfrysing mange stader. Den snøen som er komen er også laus og porøs.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:20 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article139423.ece

annonse
annonse
annonse
annonse