Fredag 30.juli 2010
Det er rift om studieplassane ved Medier og kommunikasjon på Gol vidaregåande skule.
FOTO: Stein Torleif Bjella

Rift om plass på medieutdanning

44 elevar har søkt på 15 plassar på medier og kommunikasjon. Andre studietilbod har låg søking.

Fontstørrelse A A A

647 elevar har eit vidaregåande skuletilbod i Hallingdal som fyrsteval.

Det er totalt 757 skuleplassar i Hallingdal.

1. mars gjekk fristen for å søkje vidaregåande skule ut, og førebelse tal syner at det er store sprik mellom tilbod og etterspurnad.

Rift om plassane

Tidlegare allmennfag, no studiespesialisering, er mest populært. Her har 79 elevar søkt på 81 plassar.

Størst rift om plassane er det på fyrste klasse medier og kommunikasjon. Heile 44 elevar har søkt på dei 15 plassane.

Samt påbyggingsutdanninga for generell studiekompetanse som har 46 søkjarar på 25 plassar.

Også idrettsfag held seg populært i Hallingdal, med 26 søkjarar på 15 plassar i fyrste klasse.

Realfag er også populært, og her har 40 elevar søkt på dei 27 plassane som er sett opp i andre klassa.

Få søkjarar

Dei største sprika finn me i til dømes bygg og anleggsteknikk, samt byggteknikk, service og samferdsel, teknikk og industriell produksjon og musikk/dans/drama, der det berre er søkjarar til halvparten av skuleplassane.

Endå verre ligg reiselivsutdanninga an med berre fire søkjarar på 15 plassar.

Det same gjeld helse- og sosialfag der 18 elevar har søkt på 30 plassar, og landbruk og gartnerinæring der sju elevar har søkt på 16 plassar.

Må bestemme seg

Tala syner ikkje heile sanninga, sidan fylkeskommunen framleis driv med registrering av søknader.

Elevane skal så bestemme seg for om dei takkar ja til tilbodet, og ein vil då sjå kva liner som eventuelt blir lagt ned.

Fyrst i begynnelsen av juli er inntaket til skulane klart.

 

Dette er no presisert.

Skrive av Tone Merete Tho, nettjournalist i Hallingdølen 05.03.10 kl. 10:57 KLAG PÅ INNLEGG

Er 26 søkjarar til 15 plassar (idrett) ein større pågang enn 44 søkjarar til 15 plassar (media)?

Skrive av Jens R 05.03.10 kl. 10:46 KLAG PÅ INNLEGG

 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:16 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article136981.ece

annonse
annonse
annonse
annonse