I fjellstrøka har det vore enkelte korte blaff med varmegrader både i slutten av januar og i midten av februar. Men ikkje i dalbotnen. Der har temperaturen halde seg konstant på minussida.
Heilt til vårmånaden mars melde sin ankomst. Måndag 1. mars hadde Nesbyen pluss 0,4 grader som maksimumstemperatur.
Dermed var det slutt på den «blå» rekkja, som vart på i alt 79 døgn med samanhengande minusgrader.
Akkurat som i dei to føregåande månadene, var det også i februar relativt sett kaldast i fjellet.
Både på Geilo og i Dagali var middeltemperaturen 4 grader under det normale, på Nesbyen «berre» 2,7 grader under.
På Geilo var det den kaldaste februarmånad på 16 år. Ikkje sidan Lillehammer-OL i 1994 har det vore kaldare.
På Nesbyen må ein tilbake til 1996 for å finne ein kaldare februar.
Minimumstemperaturane var ikkje like «sjeldne». Geilo hadde – 32,0 grader på månadens fyrste dag som lågaste februartemperatur, Nesbyen – 23,5 den same dagen.
Begge stader må ein tilbake til 2001 for å finne ein lågare temperatur i februar.
Dagali Lufthavn var kaldast også i februar, med – 35,4 grader.
Februar er tradisjonelt ein av månadene med minst nedbør. Og i år med endå mindre enn normalt.
Ingen av målestasjonane i Hallingdal nådde opp til normale nedbørsmengder.
Dei tre vintermånadene desember, januar og februar har vore heile 4,8 grader kaldare enn normalt i høgareliggjande strøk, som på Geilo.
På Nesbyen har vinteren i snitt vore 3,1 grader kaldare enn normalt.
RSS
KONTAKT OSS

Ikkje ein einaste plussgrad sidan 11. desember i fjor. Februar markerte avslutninga på ein svært stabil kuldeperiode.