Fredag 30.juli 2010
siste gaupa felt 2010 Tor Grøthe
Siste gaupa: Hemsedøl Tor Grøthe sit bak gaupa han skaut fredag. Resten av jaktlaget står rundt.

Skaut den siste gaupa

Kvoten er fylt og gaupejakta er over for denne gong.

Fontstørrelse A A A

Fredag morgon vart den andre gaupa skoten i Hallingdal i samband med årets jakt.

Gaupa vart felt ved elva Hemsil.

Gaupa var den tiande hogaupa som vart skoten i regionen Buskerud, Vestfold, Telemark og Aust-Agder.

Dermed var kvoten av hogaupe fylt opp og jakta stoppa. Eigentleg kunne det fellast fire gauper i Halilngdal.

Totalt vart 27 av 28 gauper felt. Ti i Buskerud og to av dei i Hallingdal. 8. februar vart ei vaksen hogaupe skoten i Ål.

Det var Hans Hefte som fredag morgon oppdaga gaupespor like ved Robru i Gol.

Tor Grøthe og Jarle Strandberg vart ringt opp. Dei reiste ut for å spore kor gaupa låg.

– Me fann ut at ho låg nedi juvet i Hemsil. Ovanfor Spildra, fortel gaupeskyttaren Tor Grøthe. I 12-tida kalla dei opp resten av jaktlaget.

Totalt var dei 18 mann frå Hemsedal, Gol og Ål mot gaupa. I 14.30-tida var folk utplassert på postar, og 50 minutt etter fekk Tor Grøthe gaupa på skothald.

Hogaupa som vart skoten i Gol, var ikkje merka.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:08 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article136287.ece

annonse
annonse
annonse
annonse