Ørna i ferd med å koma til hektene
Kongeørna som vart funnen heilt omtåka i Nes er snart flygeklar.
– Det fyrste eg tenkte då eg såg ho att, var at kongeørna såg mykje større og kvikkare ut, seier frilansfotograf, Thomas S. Mørch.
Tysdag kveld var Mørch hos ørnekjennar Per Furuseth for å sjå att ørna han heldt i armane for nokre dagar sidan.
Det var fredag ettermiddag Mørch tok vare på ei kongeørn i lag med kjærasten og ein kamerat.
Då var rovfuglen forkomen etter slåstkamp med ein katt.
Dei hadde han inni eit teppe i halvannan time før dei overlèt han til Per Furuseth, som er ørnekjennar og amatørornitolog.
– Ho er heilt klart i betre form no. Då eg såg ho i går, var vengene meir ute og heile ørna verka meir levande, seier Mørch.
Per Furuseth har hatt kongeørna under oppsikt i uthuset dei siste dagane.
– Eg har sett klare teikn til betring kvar dag sidan sundag, seier Furuseth.
Laurdag var ho framleis noko omtåka, men no er ho slik som ho skal, meiner ørnekjennaren.
Det var få ytre skader på kongeørna då nesningane fann ho, og Furuseth har ikkje behandla ho på noko måte.
Kongeørna har vore i varetekt i Hovet ei knapp veke. Snart er ho klar for livet utanfor att.
– No sit ho oppreist, og ho er sky og redd når eg prøver å nærme meg. Ein del rovfuglar trekk seg saman viss dei er sjuke eller skadde, slik denne hadde gjort, men no sit ho oppreist og kan forsvare seg sjølv, forklarar Furuseth.
Kongeørna tek òg til seg næring, og er i godt hald.
– Eg skal vere med når ørna skal sleppast. Mest truleg skal eg syte for fotograferinga, seier Mørch.
– Slik som ho er no, kunne me ha sleppt ho i dag. Men me har bestemt at ho skal få vere i ro fram til helga, men då skal me sleppe ho ut i det fri att, seier Furuseth.
RSS
KONTAKT OSS

