Fredag 30.juli 2010
Det vart utført ein del vedlikehald på vegane i fjor, men i år blir det truleg mindre.
FOTO: Sigmund Krøvel-Velle

-Norske vegar forfell igjen

Tiltakspakken etter finanskrisa medførte godt vedlikehald av vegnettet i fjor. Men i år slår det sprekker igjen, spår Statens vegvesen.

A A A

I tiltakspakkane i fjor blei det sett av 810 millionar kroner til drift og vedlikehald, og 2009 blei det første året sidan 70-talet der etterslepet i vegvedlikehaldet blei mindre.

Men i år gjer kostnadsutviklinga at utviklinga truleg blir negativ igjen, skriv Bergens Tidende.

Kvar tredje meter av stamvegane, dei største vegane, i Norge har dårleg eller svært dårleg vegdekke, konkluderer Vegvesenet, som no slår alarm.

– Vi klarer ikkje å stoppe forfallet på desse vegane. Kjøpekrafta vår blir oppeten av kostnadsutviklinga, seier regionvegsjef Olav Ellevset i Vegvesenets region vest, som har spesielt store kostnader med vedlikehald av alle tunnelane på Vestlandet.

Kostnadsauken i dei langvarige kontraktane til Vegvesenet et opp dei 4,2 milliardar kronene til årleg vedlikehald av stamvegane, som blei vedteke i nasjonal transportplan i fjor.

Etterslepet i vedlikehaldet blei i fjor rekna ut til åtte milliardar kroner.

Utviklinga er derimot positiv på ein del av riksvegane, som frå 1. januar i år blei omdøypt til fylkesvegar og gjort til fylkeskommunen sitt ansvarsområde.

(©NPK)

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:08 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article132374.ece

annonse
annonse
annonse
annonse