Fredag 30.juli 2010
Fleire gonger i veka blir elgar påkøyrd på vegane i Hallingdal.
FOTO: Magnus Winther (lesarfoto)

Ikkje fornøgd med elg-svar

Laila Gustavsen (Ap) vil ha ei utdjuping om kva Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) gjer for å hindre viltpåkøyringar langs vegen.

Fontstørrelse A A A

Onsdag førre veke sendte Gustavsen eit skriftleg spørsmål til samferdselsministeren om viltpåkøyringar.

Torsdag kom svaret frå Magnhild Meltveit Kleppa, som handla nesten berre om tiltak langs jernbanen.

Kleppa skriv at påkøyrsel av dyr er svært beklageleg anten det skjer på veg eller bane.

I resten av svaret skriv samferdelsministeren berre om påkøyrslane på jernbanen, og ikkje eit ord om det skyhøge talet på viltpåkøyrslar langs vegane i Hallingdal.

Gustavsen sende dermed eit nytt spørsmål. Kleppa har seks dagar på seg til å svare.

Her er spørsmålet:

"Jeg takker for svaret fra statsråden og jeg er glad for at viltpåkjørslene langs jernbanen går ned. Departementets svar var mye knyttet til påkjørsler langs jernbanen. Derfor vil jeg be samferdselsministeren utdype og belyse temaet men denne gangen relatert til påkjørsler langs vei."

 

Fint med eit svada-svar i håp om at ingen skal legga merke til at det ikkje er nokon plan om å gjera noko med påkjørslar på veg ...

Skrive av Anonym 12.02.10 kl. 11:16 KLAG PÅ INNLEGG

 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:20 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article122594.ece

annonse
annonse
annonse
annonse