Vil legge Rv7 i tunnel
Geilingane mobiliserer for å få tunnel under Hardangervidda.
- Ein gammal idé har modna, no ser me at det er mogleg, seier turistvertinne og høgrekvinne Inger-Brit Vindegg.
Ideen er å legge Rv7 i tunnel under Hardangervidda, nærare bestemt frå Haugastøl til Sysendammen.
Tunnelen blir 16 kilometer lang, og inneber ei forkorting på 11 kilometer på strekninga.
Initiativtakarane, med handverkar Ivar Arne Lid på Geilo i spissen, har vore i kontakt med blant anna Statens vegvesen om prosjektet.
Prislappen på tunnelen er rekna ut til 1,9 milliardar kroner.
Miljøtunnelen som geilingane no håpar å få realisert vil gje ein meir stabil fjellovergang. Rv7 over Hardangervidda er ofte stengt på grunn av uvêr vinterstid.
- Me får ein sikrare fjellovergang, og det er også ein stor fordel for tungtrafikken, seier ordførar Erik Kaupang (Ap) til NRK Buskerud.
Inger-Brit Vindegg fortel at heile tunnelen vil ligge litt under tusen meters høgde. Det betyr ein høgdereduksjon på 250 meter.
Det er sett ned ei aksjonsgruppe som skal jobbe vidare med tunneltanken.
I gruppa finn ein blant andre representantar frå aksjonsgruppa for Hardangerbrua samt frå reiselivet.
- Eg har ikkje møtt nokon som har noko særleg motforestillingar mot tunnelen, seier Inger-Brit Vindegg.
Høgrepolitikaren undrar seg over at ideen ikkje har blitt lansert tidlegare. Ho har blant andre fått med seg partifelle og stortingsmann Trond Helleland på laget.
- Me tykkjer ideen er så god at me har tru på å få han inn i Nasjonal transportplan, seier Vindegg.
Som turistvertinne seier Vindegg at ein tunnel vil vera ein stor fordel for vinterturistane. 57 prosent av hytteeigarane på Ustaoset kjem frå Bergen, og desse vil få ein tryggare og meir stabil veg til fjells.
Villreinen bør også vera fornøgd, meiner Vindegg. Med ein tunnel kan reinen krysse Rv7 uforstyrra heile vinteren.
Dagens Rv7 ser Vindegg for seg at blir ein sommaropen turistveg.
RSS
KONTAKT OSS


At E16 er stamveg mellom aust og vest er noko politikarane har bestemt. Kvar trafikken faktisk går er noko heilt anna. Og det er dessverre ikkje alltid likhetstegn mellom politikk og fornuft.
Skrive av Geir Midtun 25.02.10 kl. 14:37 KLAG PÅ INNLEGG
Denne tunnelen er sikkert vel og bra, men politikarane våre må snart bestemme seg for kva veg skal væra stamvegen mellom Aust og Vest. E16 er på papiret stamvegen, men i dag går veldig mykje trafikk på R7 og vidare på R52, gjennom Hemsedal.
Så har ein R50, og så er det mange som har tatt til ordet for Haukeli som framtidig stamveg.
Er det meininga at det skal væra 5 fjellovergangar mellom Aust og Vest, inklusive
Hardangervidda?? Synes noko råflott for meg dette.
Bygg ein skikkelieg stamveg, og slutt med å gje nokre millionar til klatting her og der!!
Skrive av Halling 14.02.10 kl. 09:27 KLAG PÅ INNLEGG
Dette er et tiltak som trenger all fornuftig støtte! Det vil selvfølgelig dukke opp spørsmål
om hvorledes trafikken frem til hyttene som er mellom A og B er tenkt gjennomført -
Når dette er sagt - gjøres det noe for å bli kvitt "dødssvingen" mellom Ustaoset og Haugastøl? Lykke til med begge deler! Rolf Steinar Bjørnstad, Skurdalen
Skrive av rolf Steinar Bjørnstad 13.02.10 kl. 10:41 KLAG PÅ INNLEGG
Det er vel kanskje og eit spørsmål om det er samfunnsøkonomisk nyttig at 2/3 av Noregs befolkning skal klumpa seg saman langs Oslofjorden? Det som er sikkert er i alle fall at ingen store vegprosjekt i Noreg, inkludert den nye tunnellen under operaen i Bjørvika, hadde vorte gjennomført dersom politikarane våre kun skulle ha retta seg etter den matematisk utrekna nytte/kost-verdien. Heldigvis har me riks- og fylkespolitikarar som også ser nytten i at folk og varer kjem seg raskt og sikkert mellom landsdelane, sjølv om dei kanskje ikkje alltid er einige om kvar vegen skal eller bør gå :o) Idéen med tunnellar på Hardangervidda er god, arbeid vidare med den!!
Skrive av Geir Midtun 12.02.10 kl. 18:18 KLAG PÅ INNLEGG
Å kalle ein tunnel som vil hjelpa trafikken vest - øst betraktelig for tull og ikkje samfunnsøkonomisk lønnsom er vel litt fjernt?
Kanskje folk snart skal klara å sjå prosjekt uavhengig av kvarandre? Blir for dumt å ikkje arbeida for ein stabil fjellovergang fordi nokon meiner at det er viktigare med trafikkavvikling i tettbebygde strøk.
Skrive av Anonym 12.02.10 kl. 11:24 KLAG PÅ INNLEGG