Fredag 30.juli 2010
NTNU-studentane Magnus Storsveen (t.v.) og Torstein G. Skarsgard frå Ål held foredrag på Geilo om bilen DNV Fuel Fighter som dei håpar skal setje ny verdsrekord.

Bygger rekordbil

Åling er med på å bygge ein bil som skal slå alle rekordar. Dette held han foredrag om på Geilo.

Fontstørrelse A A A

NTNU-student Torstein G. Skarsgard frå Ål deltek i den store internasjonale konkurransen Shell Eco Marathon.

Denne veka held han foredrag om årets bil som han er med på å bygge, under konferansen Grønt metall i hvitt landskap på Geilo.

Målet under konkurransen Shell Eco Marathon er å lage ein bil som køyrer så langt som mogleg på ein energiekvivalent som tilsvarar ein liter bensin.

Bilen heiter DNV Fuel Fighter vann konkurransen i fjor med 1.246 km/l. Den knuste dermed den gamle verdsrekorden på 848 km/l.

No skal studentane tøye grensene ytterlegare, og målet er å slå alle tidlegare rekordar.

I samband med konkurransen i Tyskland denne våren håpar Skarsgard og dei andre studentane å klare 1.500 km/t.

Torstein G. Skarsgard studerer industriell kjemi og bioteknologi ved NTNU i Trondheim.

Bilprosjektet er masteroppgåva hans.

I arbeidet med bilen har Skarsgard ansvaret for brenselcella, den delen som lagar straum til motoren frå hydrogen.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:06 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article121503.ece

annonse
annonse
annonse
annonse