Fredag 30.juli 2010
Gaupejegerane jaktar på tre dyr til i Hallingdal.
FOTO: Fredrik Gammelsrud

Jaktar på gaupe i nedre Hallingdal

– Det er mykje gaupe mellom Gol og Nes, seier jeger Tor Kristian Tveitehagen.

Fontstørrelse A A A

Gaupejegerane i øvre Hallingdal har trekt nedover etter at den radiomerkte hogaupa Heidi vart felt ved Strandafjorden i Ål måndag.

– Jaktlaget var ute tysdag. På strekningen Skaråsen i Gol til Garnås i Nes er det mykje gaupe.

Der vandrar både den radiomerkte hanngaupa «Erling» og ei familiegaupe.

- Det er nok mykje gaupe lenger nedover også, seier Tveitehagen.

Ein jaktar framleis på tre gauper i Hallingdal.

Det er felt fem gauper i Buskerud, åtte i Telemark og to i Vestfold.

Gaupene i Buskerud i felt i Nore og Uvdal, Nedre Eiker, Rollag, Flesberg og Ål.

– Korleis er jaktforholda?

– Det var veldig tungt å vasse i laussnøen i Ål. Lenger nedover i dalen er det lettare, men me skulle gjerne hatt litt sporsnø, seier Tveitehagen.

Det er ikkje berre hallingar som jaktar i Hallingdal, og omvendt. Gaupejegerane kryssar grenser og er med i fleire jaktlag.

Heidi vart skoten av vossingen Nils Een som har vore med i jaktlaget i Hallingdal i fleire år.

Sist helg var ålingen Øystein Flaget med i eit jaktlag i Telemark og skaut ei gaupe i Tinn.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:18 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article120440.ece

annonse
annonse
annonse
annonse