Torsdag 11.mars 2010

Køyrde i autovernet - stakk av

Ungdom dømt for promillekøyring. Hadde heller ikkje gyldig sertifikat.

A A A

Ein ungdom frå Gol køyrde rett inn i eit autovern i Ål sentrum i november i fjor.

Han fekk panikk då ein politimann ville kontrollere han og stakk frå staden.

Han vart pågripen seinare, og blodprøva som vart teken viste 1,13 i promille.

Golingen hadde køyrt frå Golsfjellet i påverka tilstand utan gyldig førarkort.

- Køyringa representerte eit alvorleg faremoment for andre vegfarande, uttaler Hallingdal tingrett, og dømde han til betinga fengsel i 18 dagar og 5.000 kroner i bot.

I tillegg fastsette retten ein sperrefrist for førarkort på 22 månader.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 11.03.10 kl. 15:13 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article118405.ece

annonse
annonse
annonse
annonse