Torsdag 02.september 2010
Ei ny støttegruppe skal jobbe for gode oppreisningsordningar for personar i Buskerud som har blitt utsett for overgrep mens dei var i barneheim.
FOTO: Heidi Molstad Andresen

Vil skipe støttegruppe etter overgrep

Få kommunar har oppreisningsordningar for personar som har vore utsett for overgrep mens dei var under offentleg omsorg.

A A A

I Buskerud er det berre Drammen, Lier og Hurum som har etablerte ordningar.

Granskingsrapportar og ei nasjonal kartlegging slår fast at det har førekome omsorgssvikt og overgrep i norske barneheimar.

Tidlegare barneheimsbarn i Buskerud har skipa ei støttegruppe for dei som har vore utsette for overgrep.

Gruppa er laga i samarbeid med Prosjekt oppreisning i Stavanger.

Støttegruppa ønskjer barneheims- og fosterbarn velkomne som medlemmer, og ønskjer spesielt å koma i kontakt med dei som var under offentleg omsorg før utgangen av 1992.

Målet til gruppa er å få til gode oppreisningsordningar for barneheimsbarn frå Buskerud, slik ein har i til dømes Rogaland, Oslo, Agder, Østfold og Vestfold.

Les meir på www.propp.no.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 02.09.10 kl. 21:55 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article116019.ece

annonse
annonse
annonse
annonse