Fredag 12.mars 2010
Magne Sæterstøen, avisbud, såg gaupe i bustadfelt i Ål. Movegen. Brennoflata. Granhagen.
Midt i vegen: Magne Sæterstøen fortel at gaupa stod i vegen berre få meter framom bilen. Ho gjekk ikkje vidare før han skrudde av lysa.
FOTO: Sigmund Krøvel-Velle

Såg gaupe i bustadfelt

- Gaupa stod midt i vegen, seier avisbod Magne Sæterstøen.

Fontstørrelse A A A

- Det er ikkje det ein forventar å sjå midt i eit bustadfelt, seier Magne Sæterstøen. Han såg gaupe i Granhagen-området i Ål.

Sæterstøen distribuerer aviser, og hadde vore i området ved Skattebøl skule. Rundt halv fire natt til fredag var han i ferd med å svinge opp i Movegen.

– Ho stod midt i vegen og fekk fjernlysa mine rett i fleisen. Eg skrudde av lysa, og fyrst då stakk ho, seier Magne Sæterstøen.

Han har sett gaupe eit par gonger i skogen tidlegare, og er sikker på at det var gaupe han såg. Den var middels stor.

– Det hadde kome snø om natta, så det var god sporsnø. Ho hadde kome ned vegen, seier Sæterstøen.

– Overraskande

– Eg har køyrt avis i 15 år, og har sett både elg, rådyr og rev. Men gaupe midt i eit bustadfelt er ikkje akkurat det ein forventar. Det er mykje rådyr i området, det spørst om ho var ute etter dei, seier Magne Sæterstøen.

Hallingdølen skreiv om Sæterstøen sommaren 2003. Då var han ein av mange som hadde sett bjørn i Vestlia i Ål. Hesten hans vart i alle fall redd då. No let han seg uansett ikkje vippe av pinnen – då gaupa var stukke av, gjekk han ut av bilen og putta avisene i postkassene.

– Og gaupa skal få gå i fred for meg, seier Magne Sæterstøen.

Jeger på jakt

Observasjonen vart omtala på morgonsendinga til NRK Buskerud. Då Hallingdølen møtte Sæterstøen, og leitte etter gaupespor, dukka det opp ein gaupejeger som hadde høyrt ryktet:

– Er det her det er sett katt, spør Bjørn Andersen.

Gaupejakta starta nemleg måndag, og fire dyr kan fellast i Hallingdal. Hittil er det ikkje skote nokon her, ifølgje fylkesmannen.

– Me har sett etter gaupa omtrent alle andre stader enn i bustadfelta, seier Andersen spøkjefullt.

Etter det han hadde høyrt, var det sett gaupe oppe ved telemasta på toppen av Vestlia i Ål – på motsett side av dalføret.

– Men det overraskar meg ikkje at ho er sett her i bustadfeltet. Gaupa kan finne på mykje rart, seier han.

Gaupejegeren stadfesta uansett at det var gaupespor inne mellom alle hundespora. Og han lova mildt sagt å halde fram leitinga.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 12.03.10 kl. 14:46 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article115954.ece

annonse
annonse
annonse
annonse