Fredag 30.juli 2010
IKKE BRUK UTEN TILLATELSE: Vesølehødn: Ulsåk barnehage, golvkaldt. kaldt på grunn av vintertemperaturer ned mot 30 og 40 minus. Ungane må bli evakuert til andre avdelingar. varmeomnar er sett inn som strakstiltak.
Når gradestokken søkk ned mot 40 minus blir dei 9 ungane på småbarnsavdelinga Veslehødn evakuert til andre avdelingar. Varmeomnar er no sett inn som strakstiltak.
FOTO: Bernt Ivar Bergum

To grader i barnehagen

Ungane må flyttast ut av småbarnsavdelinga på Ulsåk på dei kaldaste dagane. Langs golvet er det målt berre to plussgrader.

Fontstørrelse A A A

I ei småbarnsavdeling på Ulsåk barnehage i Hemsedal har det i vinter vore ned mot to grader langs golvet.

I periodar er ungane flytta frå Veslehødn til andre avdelingar på grunn av kulde, seier styrar Solveig Rye Veslestølen.

14. januar fekk Miljøretta helsevern Hallingdal ei bekymringsmelding frå styraren.

Då hadde utetemperaturen vore låg lenge. På det kaldaste sette Hemsedal kulderekord med minus 39,5 grader.

Då vart det målt to grader langs golvet i småbarnsavdelinga Veslehødn.

– Me fyrer på så godt det let seg gjere, seier Odd Magne Anderdal, leiaren for eigedom i Hemsedal kommune.

Anderdal peiker på at det gamle husværet har dårleg grunnmur og lite isolasjon.

No bøter han på problemet med å plassere ut fleire omnar. I den kalde kjellaren har han sett opp ei varmevifte for å halde noko av kulda ute.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:15 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article113923.ece

annonse
annonse
annonse
annonse