Torsdag 02.september 2010
Bilde 1 av 16

Elg storma inn på sjukeheim

Etter å ha vore låst inne på eit pasientrom vart elgen skoten.

Fontstørrelse A A A

SJÅ VIDEO FRÅ ELGDRAMAET

Elgkua knuste og hoppa inn gjennom eit glas på Ål bu- og behandlingssenter klokka ni onsdag morgon.

Der spaserte han over gangen og inn på eit anna rom.

SJÅ BILDESERIE

Ei forskrekka dame som var på rommet kom seg ut for eiga maskin.

Personalet kom til, og small igjen døra.

Avdelingsleiar Tone Fossgård Berg ila til med nøkkel og fekk låst elgen inne.

- Me visste jo ikkje kor solid døra var, seier ho.

Det neste dei gjorde var å evakuere dei seks bebuarane i den aktuelle korridoren.

Elgen vart ståande på rommet, mens viltnemnd og politi vurderte om han skulle skytast.

Folk vart evakuerte frå heile området, før skot kunne losnast. Elgen vart skoten like før klokka 10.30.

Skyttaren var Audun Steinkjer i Ål viltnemnd. Han var tydeleg letta dramaet var over, og elgen på veg ut.

- Du råka godt?

- Ja, eg hadde berre eitt forsøk på denna, seier Steinkjer.

- Me er veldig glade for at ingen personar vart skadde då elgen braut seg inn, seier innsatsleiar Odd Halvard Seterdal ved Ål lensmannskontor.

Allereie i 11-tida hadde det roa seg på sjukeheimen. Nytt glas var på veg, og vaskinga var i gang. Bebuarar og tilsette klarar seg godt.

 

Elgkua knuste ei rute og hoppa inn,ble til en elgokse for så og bli skutt.Hva blir en elgokseku etter at han eller henne blir skutt ?

Skrive av PMB 21.01.10 kl. 19:45 KLAG PÅ INNLEGG

Er det gammelt elgtrekk ? som 2007 . Elg blir forvirret pga elgtrekk ligger i elgens gener -den går automatisk.

Skrive av ole kristian kolstadbråten 21.01.10 kl. 06:18 KLAG PÅ INNLEGG

Kortreist mat er jo i vinden :-)

Skrive av Ove Engene 20.01.10 kl. 17:50 KLAG PÅ INNLEGG

Stor stas! No vert det vel elgsteik på alle bebuarane?

Skrive av Torstein Viddal 20.01.10 kl. 14:46 KLAG PÅ INNLEGG

 

Utskriftsvenleg versjon | 02.09.10 kl. 21:53 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article112017.ece

annonse
annonse
annonse
annonse