Torsdag 11.mars 2010
Audun Steinkjer i viltnemnda gjer seg klar til å skyte elgen.
FOTO: Embrik Rudningen

Elg byksa inn glaset på sjukeheim

Ein elg er låst inne på eit pasientrom på sjukeheimen på Ål.

Fontstørrelse A A A

Ei elgku knuste og hoppa inn gjennom eit glas på Ål bu- og behandlingssenter onsdag føremiddag.

Der spaserte han over gangen og inn på eit anna rom.

Ei forskrekka dame som var på rommet vart redda ut før personalet låste døra på rommet.

Elgen står framleis inne på rommet.

Viltnemnd og politi er på plass med store styrker.

- Me er veldig glade for at ingen vart skadde då elgen braut seg inn, seier innsatsleiar Odd Halvard Seterdal ved Ål lensmannskontor.

Det vart vurdert om ein skulle skyte elgen eller prøve å jage han ut.

Folk blir no evakuert frå området slik at elgen kan skytast.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 11.03.10 kl. 15:16 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article112016.ece

annonse
annonse
annonse
annonse