Tysdag 09.februar 2010
Utbygging av Helsetunet på Gol
Manglar midlar til drift: I Gol kommune er det sett av midlar til bygging av 12 nye sjukeheimsplassar. Men er det pengar til å drive dei?
FOTO: Hege Fjørtoft Bjørnstad

Gol må gjera dramatisk kutt

Det er økonomisk krise i Gol kommune. Politikarane manglar 23 millionar for å vidareføre drifta til neste år.

Fontstørrelse A A A

Stemninga var ikkje lystig då økonomisjef Svein Thorsnes presenterte budsjettrammene for 2010 i kommunestyret tysdag. Skal kommunen klare å vidareføre dagens drift, manglar det heile 23 millionar kroner. Dette utgjer over ti prosent av dei samla inntektene på 176 millionar kroner. Kraftinntektene har svikta. Utgiftssida på drifta veks for mykje. Tidlegare skjønnsmidlar frå fylkesmannen er borte. I tillegg kjem kommunen svært dårleg ut i forhold til statsbudsjettet.

Flaxlodd

Politikarane kom med mange hjartesukk og innspel under den halvanna timen. Alt frå flaxlodd til kommunesamanslåing vart nemnt. Rådmann Hege Mørk varsla at kommunen og politikarane måtte stå samla. Noko varaordførar Kåre Olav Solhjell også la vekt på.

– Me som kommunestyre må ta eit kollektivt ansvar. Det er ikkje tid til å drive partipolitikk. Når krubba er tom, så bitast hestane, er det noko som heiter. I denne situasjonen vil det vera med på å gjera prosessen vanskelegare. Eg vil derfor moralisere litt, og hevde me må stå saman.

– Heilt jævlig

Rådman Mørk varsla allereie i formannskapsmøte 8. oktober at politikarane ville stå framfor eit tøft budsjettarbeid i år. Men ho ville ikkje då talfeste kor ille det var, og til Hallingdølen ville ho ikkje bruke ordet dramatisk. Det var ikkje alle politikarane i einige om.

– Er ikkje dette eit drama, så har eg ikkje vore på teater. Dette ser jo heilt jævlig ut, sa Helge Feet (V).

– Korleis skal me springe fortare for å spara inn over 20 millionar kroner? Den nye sjukeheimsavdelinga som skal byggjast, den må stå tom, og la oss tappe ut vatnet med ein gong i bassenget. Me har ikkje råd til vatn. Dette er krise, det er meir enn ti prosent av budsjettet, og kvifor rammar det Gol, spurde Feet.

Fleire forhold

– I år har me tapt på alle område, oppsummerte rådmann Hege Mørk.

– Skatteinntektene våre sviktar i forhold til landet elles. Det er færre barn i forhold til folketalet. Gol kommune har hatt ekstra skjønnsmidlar i mange år. I 2009 var det på 4,1 millionar. Neste år er det 600.000. Fylkesmannen meiner andre kommunar i fylket treng pengane meir. Strengt tatt har me fått skjønsmidlar på overtid. Det er fleire slike forhold som slår uheldig ut for oss. Det er ikkje lystig. Derfor må me ta ei grundig drøfting på kva me skal gjera, sa Thorsnes.

Søvnlause netter

Rådmannen fortalde politikarane at ho hadde hatt ei søvnlaus veke etter at statsbudsjettet vart lagt fram.

– Men midt i all elende veit eg at me har ei flott leiargruppe i kommunen. Gol har vore gjennom slike rundar før. Eg trur derfor me er godt rusta til å handtere utfordringane me står overfor. Størst ansvar kjem det på dei ulike politiske utvala. Saman med avdelingsleiarane kan me gjera gapet mellom inntektene og utgiftssida mindre. Mesteparten av utgiftsauken i kommunen er lønnsauke, og det er kostnadsauke på drift. Me har ikkje flotta oss i Gol, eller gjort kostbare vedtak, sa Mørk.

Større enn nokon gong?

Det er no sett opp to budsjettmøte i dei politiske utvala. Formannskapet var samla allereie onsdag.

– Kanskje er det ikkje så gale å få denne økonomiske smellen no, så me kan stramme inn på drifta, og vera klare til store investeringane, sa Mørk.

Aud Ingunn Narum (H) har vore gjennom store kutt i kommunen tidlegare, men ho kunne ikkje hugse at det hadde mangla så mange millionar som i år.

Meir i vente?

Arne Fredriksen (Ap) meinte tida var inne til å bruke dei 11 millionar kronene som stod på kraftfondet.

– Kraftfondet burde vera naturleg å ta no, når kraftmarknaden dett saman, sa han.

Steinar Medhus (H) såg heller ikkje lyst på situasjonen.

– Hugs at 23 millionar kroner er basert på at helse- og omsorg klarar budsjettet neste år. Eg tippar eit meir realistisk tal vil vera at kommunen manglar over 30 millionar kroner. Me må no spørja oss kva me må drive med, og kva me synest er hyggeleg å drive med.

Kraftinntekter til drift

Rådmannen opplyste at ho allereie hadde kontakta fylkesmannen i eit forsøk på å få auka andelen skjønsmidlar att – førebels utan resultat.

– Er fylkesmannen bekymra for Gol kommune? ville Hallvor Lilleslett vite.

– Fylkesmannen er nok ikkje klar over totalbiletet til økonomien i Gol, og at me har gjort oss så avhengig av kraftinntekter, svara økonomisjef Svein Thorsnes.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 09.02.10 kl. 11:38 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article101686.ece

annonse
annonse
annonse
annonse