Bergensbanen skal bli betre
Regjeringa set av 100 millionar ekstra til Bergensbanen.
Publisert:
13.10.09
Oppdatert:
13.10.09 kl. 11:09
Statsbudsjettet som vart lagt fram tysdag inneber satsing på jernbane.
Til saman blir det brukt i overkant av 10 milliardar til jernbaneføremål. Det er ein auke på 15 prosent frå 2009.
Det blir satsa på dobbeltspor nær byane.
For Bergensbanen vil dette merkast ved nytt dobbeltspor Lysaker-Sandvika. I tillegg skal dobbeltspor mellom Bergens stasjon og Fløen ferdigstillast.
Dette er fyrste ledd i arbeidet med å løyse flaskehalsen i togtrafikken og inn og ut frå Bergen.
Regjeringa set også av 100 millionar kroner til fornyingstiltak på Bergensbanen.
Dette er tiltak for å redusere skatekøyringa og betre stabilitet og punktlegheit.
Kommentarar
Skriv ein kommentar
Tips ein ven
RSS
KONTAKT OSS
