Togorgie: Filmar heile Bergensbanen
Fredag klokka 1400 kom tog 602 som vanleg til Ål stasjon. Det uvanlege var at NRK filma og skal vise heile turen på fjernsyn.
27. November fyller Bergensbanen 100 år, og då blir heile turen vist på NRK 2.
- Heile programmet vil vare sju timar og fire minutt, like lang tid som togturen, forklarar Rune Møklebust på telefon mellom Gol og Nes. Han er ansvarleg for programmet.
Eit kamera stod fast ved sidan av lokføraren, eit filma ut til kvar side og eit fjerde kamera og ein reporter sprang rundt på stasjonane.
På Ål stasjon fekk dei med seg bytte av lokførar. Men sidan toget var nokre minutt forseinka inn på stasjonen, var det ikkje tid til mykje hyggeprat.
Truleg blir programmet vist frå klokka 21.00 fredag 27. november. Det vil då vare til klokka fire på morgonen.
Togfrelste fjernsynssjåarar kan trøyste seg med at dei også vil vise historiske klipp og andre innslag når toget køyrer i tunnelar.
- Uansett blir det ikkje så monotont som ein kanskje skulle tru. Frontkameraet vil vera i bildet heile tida, men det vil nok også skje forskjellige ting i fjernsynruta samtidig. Dette blir ein orgie for togentusiastar, seier Rune Møklebust.
RSS
KONTAKT OSS

