– Det er ufatteleg trasig når slikt skjer, men me kan ikkje setje oss ned og sture. Me må tenkje framover, seier dagleg leiar i Hallingdal Betong, Håvard Tveito.
– Det er ufatteleg trasig når slikt skjer, men me kan ikkje setje oss ned og sture. Me må tenkje framover, seier dagleg leiar i Hallingdal Betong, Håvard Tveito.

Anlegget skal opp att

– Det er trasig, men me gjorde me oss ferdige med å sture sundag. No er det tid for å tenkje framover.

Det seier Håvard Tveito, dagleg leiar i Hallingdal Betong. Sundag gjekk produksjonslokala på Torpo opp i røyk. Verdiar for titals millionar gjekk tapt. Men leveransane kan ikkje stoppe, sjølv om produksjonslokala er øydelagde av brannen.

Betongen skal fram

Alt måndag morgon var bedrifta i ferd med å få opp produksjonskapasiteten på avdelingane på Geilo og i Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kan ikkje stoppe opp. For å kunne levere til kundane, må me ruste opp avdelingane, slik at dei kan takle ein kapasitetsauke i vinter, seier Tveito.

Torsdag skal bedrifta levere betong til vegprosjektet på Storøyne i Gol. Dei treng 100 kubikk med betong til bru over Dalaåne.

– Me har heldigvis god hjelp frå ein samarbeidspartnar i Valdres som hjelper oss ut av ei knipe. Men det skaper mykje ekstra planlegging av logistikken og det blir lenger transport, seier Tveito.

Produksjonslokala gjekk tapt i brannen. – Me veit ikkje kor store skadane er og kor mykje av utstyret som er tapt, seier dagleg leiar i Hallingdal Betong, Håvard Tveito.
Produksjonslokala gjekk tapt i brannen. – Me veit ikkje kor store skadane er og kor mykje av utstyret som er tapt, seier dagleg leiar i Hallingdal Betong, Håvard Tveito.
Restane av betongsiloen står att. På framsida er heile produksjonsanlegget øydelagt av brannen.
Restane av betongsiloen står att. På framsida er heile produksjonsanlegget øydelagt av brannen.
Måndag stod betongproduksjonen stille på Torpo. Men inne i det uskadde administrasjonsbygget var det hektisk aktivitet for å flytte produksjonen oppover til avdelingane på Geilo og i Hemsedal.
Måndag stod betongproduksjonen stille på Torpo. Men inne i det uskadde administrasjonsbygget var det hektisk aktivitet for å flytte produksjonen oppover til avdelingane på Geilo og i Hemsedal.
Brannen stoppa betongproduksjonen på Torpo, men bedrifta har også avdelingar andre stader i Hallingdal. Dei vil bli rusta opp for å takle ein kapasitetsauke i vinter.
Brannen stoppa betongproduksjonen på Torpo, men bedrifta har også avdelingar andre stader i Hallingdal. Dei vil bli rusta opp for å takle ein kapasitetsauke i vinter.
Her stod ein silo med isoporkuler til å blande i betongen. Isoporlageret brann opp på eit blunk då brannen spreidde seg sundag føremiddag.
Her stod ein silo med isoporkuler til å blande i betongen. Isoporlageret brann opp på eit blunk då brannen spreidde seg sundag føremiddag.
Denne veka var det planen å få på plass ein ny sementsilo på anlegget på Torpo. Etter brannen må planane endrast. No må heile anlegget ryddast og byggjast opp på nytt. Dagleg leiar i Hallingdal Betong, Håvard Tveito.

Sundag føremiddag brann produksjonslokalet til Hallingdal Betong på Torpo. – Slike bygg er utfordrande å sløkke. Det er mykje holrom og kanalar som er vanskeleg å nå, seier fagleiar i Hallingdal brann- og redning, Ingar Danielsen.

– Litt av ein ryddejobb

Måndag var branntomta stengt av med sperreband. I dei delvis samanrasa bygningsrestane kunne ein sjå restane av produksjonsanlegget.

– No ventar me på at politiet skal kome og undersøkje branntomta. Når dei har frigitt området, får me begynne å rydde. Det blir litt av ein ryddejobb, seier Tveito. Det er for tidleg å svare på kor mykje av maskinparken som er intakt. Styringssystemet og det elektriske anlegget er øydelagt, men det kan hende at stålkonstruksjonane i blandingsanlegget har klart seg.

Klar til høgsesongen

Bygget som brann, var bygd i 1977. Anlegget har vorte bygd på og utvida i fleire omgangar. Bedrifta stod like framfor ei ny utviding. På plassen bak produksjonsanlegget ligg ein diger sementsilo som etter planen skulle på plass denne veka. No er monteringsjobben sett på vent.

– Når så gale skulle skje, var det heldigvis ikkje verste tida på året. Me har nok å gjere i vinter, men høgsesongen er i sommarhalvåret. Difor kan me ikkje stoppe opp. Anlegget må stå klart til våren, seier han.