annonse

Alvorleg skadd i møteulykke

Alvorleg ulykke
Alvorleg ulykke: To bilar har kollidert på Rv7 ved Satakroken i Ål. (Foto: Tor Folgerø)
Møteulykke
Møteulykke: Bilane kolliderte på ei rett strekke i Satakroken i Ål. (Foto: Tor Folgerø)

To bilar kolliderte på Rv7 ved Satakroken i Ål torsdag føremiddag.

Tone Merete Tho

Det sat éin person i kvar bil. Den eine av desse er svært alvorleg skadd, ifølgje politiet. Vedkommande er frakta til Ullevål sjukehus i luftambulanse. 

Den andre personen er også hardt skadd og er sendt til Ringerike sjukehus. Båe bilane er norskregistrerte.

Møteulykka skjedde i 11-tida, på ei rett strekke ved Kvelprud kafé. Politiet ønskjer å koma i kontakt med vitne til ulykka.

Rv7 blir stengt i fleire timar medan ulykkesgruppa til Statens vegvesen og krimteknikarar frå politiet undersøkjer staden.

Omkjøring for personbilar er skilta forbi ulykkesstaden. Lokale bussar får også nytte omkjøringsvegen.

Tyngre kjøretøy er bedne om å køyre Fv40 mellom Nesbyen og Geilo.