Naudetatane rykte ut til arbeidsulykka ved jernbanen i Stavanger.
Naudetatane rykte ut til arbeidsulykka ved jernbanen i Stavanger.

Alvorleg skadd i arbeidsulykke

Ein goling ligg på sjukehus i Stavanger med store skader etter ei arbeidsulykke.

Ein mann i 50-åra frå Gol vart alvorleg skadd under arbeid på jernbanen i Stavanger like etter klokka 16 sundag.

Arbeidsulykka skjedde då ei vogn losna frå eit togsett og begynte å rulle mot ei annan vogn. Golingen arbeidde oppå den eine av vognene, og oppdaga det fatale som var i ferd med å skje. Han rakk å hoppe ned frå togvogna før vognene kolliderte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen fekk store skader i beina etter hoppet, og er operert ved universitetssjukehuset i Stavanger.

Golingen driv eige firma. Politiet har oppretta sak og vil granske arbeidsulykka.

– Me etterforskar vidare og skal ta avhøyr. Men me har førebels ikkje konkludert om korleis ulykka kunne skje, seier seksjonsleiar Åslaug Høgemark i Sør-Vest politidistrikt.