Enya hadde grave seg ned då ho vart funnen.
Enya hadde grave seg ned då ho vart funnen.

Ailo redda Enya

– Ailo bråstoppa, tok stand og rikka seg ikkje. Etter ei stund kom ein pjuskete, forkomen og tillitsfull engelsk setter mot oss frå eit granskjørt.

Opplevinga til Elin Molin Kongsgård, mannen Knut og hunden Ailo er ei gladhistorie frå dyreverda.

Den står i sterk kontrast til lagnaden til mange dyr som bukkar under ute i skogane denne snørike og kalde vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berga av hundenase

Men det var på nære nippet at ikkje også den 11 år gamle engelske setteren Enya enda sine dagar under ei gran i grensetraktene mellom Nore og Uvdal og Nes.

– Den stakkars hunden hadde grave seg ei grop under eit grantre og lagt seg der. Spora i snøen tyda på at ho hadde gått fram og tilbake før ho gav opp og la seg ned. Det var nok i siste liten at Ailo fann ho. Ho hadde neppe klart seg stort lenger, seier Bente Molin Kongsgård.

Saman med ektemannen Knut var Bente og voerstehren Ailo (3) for eit par veker sidan på skitur i Borgemarka. Det var 25 minusgrader då dei gjekk ut frå hytta.

Nasen til voerstehren Ailo (3) berga livet til ein hund som hadde vore borte i seks dagar og hadde grave seg ned under ei gran i Borgemarka i Nore og Uvdal.
Nasen til voerstehren Ailo (3) berga livet til ein hund som hadde vore borte i seks dagar og hadde grave seg ned under ei gran i Borgemarka i Nore og Uvdal.
Under denne grana hadde den engelske setteren Enya grave seg ned, seks dagar etter at ho vart borte på Imlan i Nes.
Under denne grana hadde den engelske setteren Enya grave seg ned, seks dagar etter at ho vart borte på Imlan i Nes.
Bente Molin Kongsgård har grunn til å vera stolt av hunden sin som fann ein forkomen hund under ein skitur.
Bente Molin Kongsgård har grunn til å vera stolt av hunden sin som fann ein forkomen hund under ein skitur.

Like etter at dei hadde starta på skituren bråstoppa Ailo i eit løypekryss. Hundenasen hadde fått ferten av eitt eller anna som ikkje tobeinte fangar opp.

– Ailo nekta å rikke seg. Etter ei stund høyrde me svak klynking, og det kom ein pjuskete og forkomen engelsk setter nølande mot oss ut frå ei skjørtegran, seier Molin Kongsgård.

Seks dagars «hundeliv»

Den forkomne hunden vart tatt varmt i mot. Familien Kongsgård tok hunden med tilbake til hytta og bilen, pakka han inn i varme teppe og varsla lensmannskontoret i Nore og Uvdal.

Lensmannen kom, tok med seg hunden til veterinær og fekk spora opp og varsla eigaren.

Det viste seg at den engelske setteren høyrde til familien Løkken Danielsen med hytte på Imlan i Nes. Hunden vart borte frå hytta og familien frå Hakadal melde tispa sakna seks dagar tidlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me leita i fem dagar og hadde reist heim og gitt opp å finne ho då me fekk gladmeldinga. Ho hadde vore borte i seks dagar, seier ein glad og lykkeleg hundeeigar, Ingunn Løkken Danielsen.

Gjensynsgleda var stor både blant to- og firbeinte då familien var samla.

– Ailo er helten

Løkken Danielsen synest det er merkeleg at den 11 år gamle setteren ikkje kom tilbake i eit område der ho er godt kjent. Dei har hatt hytta i mange år.

– Det var dårleg vêr og kaldt den dagen ho vart borte. Ho har truleg gått etter ryper og mista retningssansen. Enya vart funne over to mil frå hytta vår, så det er nesten utruleg at ho har greidd å koma så langt og overlevd, seier ho.

– Korleis er tilstanden hennar no?

– Ho hadde litt frostskadar, men er frisk og rask og har kome til hektene. Me er evig takknemlege for at ho vart funne og tatt godt vare på av familien Kongsgård og lensmannen. Det er Ailo som er den store helten.

Det var nok i siste liten at Ailo fann ho

Bente Molin Kongsgård