- Slik skal det ikkje vere, seier Jørn Gudbrandsen, ansvarleg for bygg og anlegg i Geilo Holding AS. Han viser til at det komande vinter blir nye setetrekk i stolheisane på Geilo. Det er berre eitt av mange grep som blir gjort for å «heve statusen» til Geilo som skistad.
- Slik skal det ikkje vere, seier Jørn Gudbrandsen, ansvarleg for bygg og anlegg i Geilo Holding AS. Han viser til at det komande vinter blir nye setetrekk i stolheisane på Geilo. Det er berre eitt av mange grep som blir gjort for å «heve statusen» til Geilo som skistad.

20 mill på vedlikehald - 10 mill på buss og booking

Dei nye eigarane gjer fleire endringar for å få Geilo Skiheiser til å skine igjen. Planlagde grep kostar førebels 30 millionar kroner.

Geilo var ein gong ein leiande skistad, men har ikkje greidd å henge med i utviklinga dei siste tiåra. Det skal det bli foandring på no.

– Eg har sett noko som skulle blomstre, men som i staden har visna, seier Arne Pålgardhaugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei nye eigarane i skibakkane på Geilo spyttar inn 30 millionar kroner for å ta igjen det dei kallar vedlikehaldsetterslep og nødvendige oppgraderingar.

– Dette er berre starten.

Frå skytebane til alpinutvikling

Han sit i styreleiarstolen til Geilo Holding AS i det gamle skyttarhuset på Vestlia skytebane. Siste skot her vart fyrt av i 2013. Så snart området er rydda for bly kan det bli både nye heisar og leilegheiter i området. Håpet er at skotsalvar i grunnen kan losne i 2018.

Nye billettsystem og ein app for siste oppdateringar vil gi betre kommunikasjon med punlikum, meiner Kevin Eikrehagen, marknad og salssjef i Geilo Holding. Onlinebestilling frigjer også areal i bygg, som kan nyttast til andre ting.
Nye billettsystem og ein app for siste oppdateringar vil gi betre kommunikasjon med punlikum, meiner Kevin Eikrehagen, marknad og salssjef i Geilo Holding. Onlinebestilling frigjer også areal i bygg, som kan nyttast til andre ting.
Det er bestilt nye bussar frå Tyskland, som til vinteren skal gå i skytteltrafikk mellom skibakkane på Geilo, med ein frekvens på 10-15 minutt. Dei tre bussane kostar til saman 6 millionar kroner.
Det er bestilt nye bussar frå Tyskland, som til vinteren skal gå i skytteltrafikk mellom skibakkane på Geilo, med ein frekvens på 10-15 minutt. Dei tre bussane kostar til saman 6 millionar kroner.

Det er på høg tid, både med rydding og bygging, vil nokon meine. Den nyaste heisen i området kom på Kikut i 2004. Det var Pålgardhaugen & Co som bygde.

No blir det arbeidd på mange frontar for å gi Geilo eit løft, som reisemål for alpinistar. Alt i år er mykje på gang.

Mykje nytt

Det er nye klutar i dei fleste leiarposisjonane. Førebels har det gått mykje i beising, rydding og reparasjonar. Jørn Gudbrandsen meiner 20 millionar kroner for å dekkje inn etterslepet er god butikk, på sikt.

– Det gir lang levetid og dessutan ser det bra ut, seier han, ansvarleg for bygg og anlegg.

– Stolheisar skal ikkje sjå slik ut, seier han og peikar på fråværet av skumgummi på eit sete.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit nytt billettsystem, inkludert nye kortlesarar og ein eigen app med heisoppdateringar, er også sett i bestilling.

– Det handlar om kommunikasjon med publikum, seier marknad- og salsansvarleg Kevin Eikrehagen. Prisen er kring fem millionar.

Dessutan blir det tre nye skibussar. Dei vil gå i skytteltrafikk med 4–6 avgangar i timen frå anlegg til anlegg. Med skinær av- og påstiging skal dei bli som ein heistur å rekne. Frå kvitt til kvitt underlag. Det er Geilo turbusser som handlar og driftar, mens Geilo Holding disponerer. Her går det nye seks millionar.

Vil ta «Geilo ut av skuggen»

Summen totalt blir over 30 millionar kroner.

– Rekninga er det vel gjestene som får?

– Me vil framleis ha hyggelege prisar, tilnærma som før, men på sikt er det ingen grunn til at me skal vere spesielt mykje rimelegare enn andre, seier Eikrehagen.

Før sist vinter gjekk Geilo Skisenter ut med halv pris på sesongkort for familiar. Resultatet vart ei dobling av salet og fleire folk i bakken, men heisomsetninga vart om lag som vinteren før.

– Potensialet er større. Me er ikkje fornøgd med berre ei dobling, skyt Pålgardhaugen inn. Han vil jobbe for å få «Geilo ut av skuggen».

Artikkelen held fram under annonsen.

Nytt leiarskap

For å få til det treng han ein dyktig CEO, ein dagleg leiar for Geilo Holding, som kan leie den nye organisasjonen. Eit rekrutteringsfirma er engasjert.

– Me har ein del interessante namn på blokka, seier Ole Kristiansen, dagleg leiar i dotterselskapet Geilo Skisenter like før søknadsfristen går ut. Jakta på gode hovud er ikkje over.

Dei har gjort ein del omrokeringar for å sikre fagkompetent leiarskap, men toppjobben er ledig.

– Me treng ein som kan sjå heile biletet og tenkje strategisk.

Siste år med tidlegsnø

30. september opnar den første skibakken på Geilo, men det er siste året med «tidlegsnø». Det kostar for mykje, og smakar for lite, litt somTirilparken og «prosjekt isbre».

Men fordi det er lagra snø frå sist vinter kan dei mest ivrige få kvitt underlag alt om halvannan månad.

Dei nye eigarane vil reindyrke alpinproduktet, utan dei spektakulære stunta.

– Men då står de att med ei rekkje korte bakkar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje dei lange bakkane det er best økonomi i. Geilo har perfekte profilar, både for drift og for publikum, seier Pålgardhaugen. Han vekslar inn «ekstravagansen» i eit reinare alpinprodukt. Eit illustrerande bilete på taktskiftet er «Fugleleiken», ein heis og ein bakke som ei tid har vore stengt, fordi ein har satsa pengane på andre ting. Til vinteren opnar Fugleleiken igjen.

Det blir ingen kunstig isbre på Geilo. – Me skal dyrke alpinproduktet, ikkje noko anna, seier Arne Pålgardhaugen.

Kor mange millionar «Prosjekt isbre» har kosta vil ikkje Arne Pålgardhaugen ut med. No er det uansett klart at Geilo ikkje får verdas første kunstige isbre. Isen er lagt på is, truleg for all framtid.

– Me skal dyrke alpinproduktet, og ikkje noko anna før det er oppe å går på ein ordentleg måte, seier styreleiaren i Geilo Holding, selskapet som tok over som eigar tidlegare i år.

Ambisjonen til dei tidlegare eigarane var å opne ein kunstig isbre på 40 x 80 meter på Geilotoppen. Turistar skulle på sommarstid få sjå korleis ein isbre ser ut frå innsida. DesignIce AS skulle stå for utsmykking av isskulpturar. Prosjektet skulle vere eit aktivitetstilbod for sommarturismen. Grunnarbeidet vart gjort i vinter, med produksjon av snø, som har vore lagra under store dukar. Det skulle bli kjøla av eit fryseanlegg.

I mai sa dei nye eigarane at den planlagde opninga 1. juni var utsett til 2018. No er det klart at det ikkje blir nokon opning.

Nyleg kunne bransjebladet FriFlyt fortelje at Tirilparken også blir lagd ned, slik han har vore drive. Til Hallingdølen forklara Pålgardhaugen avviklinga med betre arealbruk og økonomi. Også denne var eit pengesluk, fordi den kravde mykje kunstsnø.

Det blir arbeidd, saman med skimiljøet på NTG på Geilo (Norges toppidrettsgymnas), og idrettslaget for å finne nye parkløysingar.

– Det blir eit fullverdig treningsanlegg i Havsdalen. Me skal levere på det. Om det let seg kombinere med større arrangement står att å sjå, seier Pålgardhaugen i dag.