Nore og Uvdal hadde høgare inntekter og brukte mindre pengar enn budsjettert i 2016. Overskotet vart nesten 11 millionar.
Nore og Uvdal hadde høgare inntekter og brukte mindre pengar enn budsjettert i 2016. Overskotet vart nesten 11 millionar.

11 mill. i pluss i fjor

Nore og Uvdal brukte mindre pengar enn budsjettert i 2016 og hadde også høgare skatteinntekter enn venta.

Dei folkevalde i Nore og Uvdal fekk seg ei gledeleg overrasking seint måndag kveld. Etter at dei hadde banka vedtak i den omstridde saka om å omstrukturere administrasjonen for å rigge kommunen for magrare tider, gjekk økonomisjef Anne Rudi på talarstolen for å orientere om rekneskapen for fjoråret.

Ho fortalde at kommunen brukte meir pengar enn budsjettert på pleie, rehabilitering og omsorg (1,3 millionar) og næring, miljø og kommunalteknikk (1,3 millionar). Men fleire sektorar brukte mindre enn budsjettert. Helse og sosial hadde eit mindreforbruk på 5,7 millionar. I denne summen ligg utgifter til legeteneste, barnevern og flyktningtenesta. Skule, barnehage og kultur gjekk 2 millionar i pluss, NAV brukte 700.000 mindre enn forventa. Også utgifter til sentrale styringsorgan og fellesutgifter vart mindre enn forventa, 1,2 millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg hadde kommunen høgare inntekter enn forventa Skatteinngangen vart 1,2 millionar betre enn budsjettert og utgiftene til pensjon vart 2,8 millionar mindre. Summa summarum kom Nore og Uvdal kommune ut med eit overskot på 10.935.501 kroner i 2016.

– Alt i alt er eg nøgd med å vere på plussida. Men me har framleis eit forbetringspotensial, sa rådmann Rune Antonsen etter gjennomgangen.