Velta med motorsykkel

Ein motorsykkel velta ved Geilogaarden på Geilo torsdag ettermiddag. Både politi og ambulanse rykte ut og MC-føraren vart frakta til legevakt. Der vart det konstatert brot i ankel og handledd.

Det var ikkje andre personar eller køyretøy involvert i ulykka.