Straumlaust på Høgevarde

Ein straumkabel vart kutta under gravearbeid mellom Flå og Brennåsen.

Ei gravemaskin kutta ein høgspentkabel på Høgevarde i Flå i 1130-tida måndag. Hallingdal Kraftnett melder at heile området ville vere utan straumforsyning ei tid. Feilrettingsarbeidet er i gang, og i 20-tida hadde dei fleste fått straumen tilbake, melder nettselskapet. 

Feilen vart funne mellom Flå og Brennåsen, der ein 22 kV-kabel var grave over.