Årets mars månad i Hallingdal tviheld på vinteren.
Årets mars månad i Hallingdal tviheld på vinteren.

Sprengkald helg

Det har vore ei strålande helg i Hallingdal. Men det har vore sprengkaldt. Laurdag morgon var det minusgrader langt nede på 30-talet både i Dagali og på Geilo.

Ikkje uvanleg var det i Dagali kvikksølvet kraup aller lågast. På Dagali Lufthavn var det – 35,4 grader i tidlege morgontimar laurdag. Det er berre 3/10 grad unna den ferske kulderekorden for mars, som var sett på månadens fyrste dag. Dette er fjerde gongen i vinter/vår at Dagali har det kaldare enn minus 30.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Geilo såg 30-talet laurdag. På Oldebråten viste målaren – 30,8 grader.

I Hemsedal var det kaldast sundag. Då vart det målt – 29,3 grader der, som var kaldare enn både Geilo og Dagali den dagen.

Verken i Dagali eller Hemsedal er det nokon gong målt så låg temperatur så seint. På Geilo derimot, var det – 30,8 også for ti år sidan, og då så seint som 22. mars.