Sjåføren fortalde til politiet at ho sovna og derfor enda utfor vegen.
Sjåføren fortalde til politiet at ho sovna og derfor enda utfor vegen.

Sjåføren sovna - bil på taket i Flå

Ein bil med to personar i køyrde av vegen på Rv7 i Flå måndag føremiddag.

Ulykka skjedde like før klokka 12.

Bilen hamna på taket utanfor vegen. Dei to personane kom seg ut av bilen sjølve og vart sende til legevakt for sjekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til politiet på staden forklarte kvinna som køyrde bilen at ho hadde sovna. Førarkortet var derfor beslaglagt på staden.