Anne Guri Rustgaard.
Anne Guri Rustgaard.

Mopedist (16) sendt med luftambulanse

Ein ung, lokal gut (16) vart sendt til Ullevål universitetssjukehus med luftambulanse etter ei trafikkulykke i Smådøl i Nore og Uvdal onsdag kveld.

Guten køyrde moped då han kolliderte med ein bil.

Ifølgje  lensmann Anne Guri Rustgaard i Nore og Uvdal har guten brotskadar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føraren av bilen vart ikkje skadd, og det var ikkje fleire personar involvert i trafikkulykka. 

Ulykka skjedde på ein smal grusveg, i området mellom skytebanen og crossbanen. Naudetatane fekk meldinga i 19-tida.

Mopedføraren vart fyrst henta av bilambulanse før han vart flytta over i luftambulansen.

Ifølgje lensmannen er det ikkje mistanke om promillekøyring.