annonse

Hyttebrann i Flå

Magnus Lindahl

Ei hytte fekk store øydeleggingar etter ein brann onsdag kveld.

Årsaka til brannen er ikkje slått fast, men Sør-Øst politidistrikt melder på Twitter at det er mykje som tyder på at eit lynnedslag er årsaka. Brannvesenet i Nes og Eggedal rykka ut til hytta onsdag kveld. Hytta ligg ved Helgesetvatnet i Flå.

– Brannen tok tid å sløkke. Hytta hadde torvtak, og det kan vere vanskeleg å få has på, seier Gunnar Lagmanndokk i Nes brannvesen.

Men etter kvart fekk brannvesenet kontroll på brannane, etter mellom annan å ha maka vekk torv.

– Hytte er temmeleg øydelagt, seier Lagmanndokk.

Det var ingen til stades i hytta då det brann.