Det er meld om fleire mindre alvorlege hendingar i trafikken gjennom helga
Det er meld om fleire mindre alvorlege hendingar i trafikken gjennom helga

Bilbrann og utforkøyring

Brannvesenet rykka i 14-tida sundag ut på meldingar om brann i ein bil på Rv52 mellom Hemsedal og Gol. Skadeomfanget er ikkje kjent.

Halvannan time før måtte nødetatane i nedre Hallingdal rykke ut til ei utforkøyring frå Rv7 ved Gulsvik. Det viste seg å vere eit mindre alvorleg uhell med ein bil involvert, og utan alvorlege personskadar. Like før klokka 13 kunne politiet melde at trafikken går greitt forbi skadestaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag hadde UP trafikkontroll i 60-sona ved Årsetsletta i Hol. Resultatet vart 13 forenkla forelegg og ein person meld for køyring i for høg fart. Her vart det også gjort beslag i førarkort.