Måndag 06.september 2010

Det vanskelege demokratiet

Valkamp og stortingsval er historie, nok ein gong. Det same er skuledebattar og skuleval. Kva har me lært denne gongen?

A A A

Det som har uroa meg, er høgreekstreme Vigrid som stilte til val. Organisasjonen ærar Hitler, fornektar holocaust (jødeutryddinga) under 2. verdskrigen, dei går hardt ut mot innvandrarar, er framleis sterke jødehatarar m.m. Denne rasistiske ekstremist-organisasjonen greidde altså å skaffa 500 underskrifter som dei måtte ha for å kunna stilla til lovleg val. (Til sjølve stortingsvalet i september fekk dei berre 179 røyster her i Buskerud, eller 0,1 prosent av stemmene.)

Skal Vigrid verkeleg ha høve til å fremja sitt syn i skuledebattane rundt om på dei vidaregåande skulane i fylket, på lik line med dei store, landsdekkande partia?

Opplæringslova

Skuledebatt og skuleval skal vera opplæring i demokrati, noko som er viktig i opplæringslova. Men skulane er sjølvsagt forplikta på langt meir enn demokrati. Det heiter mellom anna også i opplæringslova § 1 – 1: «Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.(….) Alle former for diskriminering skal motarbeidast.»

Her er mange fine og viktige ord, menneskerettar til dømes. Vigrid har ikkje si ideologiske forankring i menneskerettane. Og i opplæringslova står det at diskriminering skal motarbeidast. Eitt viktig spørsmål blir då dette: Kan skuleleiarar som fylkesutdanningssjef, og politikarar, ha gått grundig nok inn i opplæringslova når dei inviterer Vigrid til ein skuledebatt?

Holdningar

Mange elevar i 10. klasse frå ungdomsskular i Hallingdal har årleg reist til Polen og Auschwitz for å læra om totalitære ideologiar, nazisme, jødeutrydding m.m. Eit halvår etter begynner dei i vidaregåande skule og ser at også Vigrid – som avviser holocaust - blir ynskt velkomen til skuledebatt. Her sit ungdom i salen, utan særlege kunnskapar om politikk og ekstremisme, og lyttar til innlegg der det brungrumsete, ideologiske grunnlaget blir underslått (ikkje omtala).

Elevane kan sjølvsagt bli forvirra av mindre. For dette handlar om holdningar. Det er ikkje alle holdningar som er OK. Det er derfor skulane og me vaksne må vera tydelege i møte med ungdom, i møte med annsleis tenkjande, i møte med asylsøkjarar og innvandrarar. Kva for holdningar flaggar me rundt kjøkkenbordet, på fotballbanen, i lyd og foreiningar, i uformelle som meir formelle samanhengar?

Misforstått demokrati

Skuledebattane er viktige – me skal jo velja politisk kurs og politikarar. Men det er ikkje skulens oppgåve å hjelpa til med å spreia ekstremist-holdningar som Vigrid står for, og som er på kollisjonskurs med opplæringslova. Det er misforstått demokrati, meiner eg, når Vigrid blir invitert inn i skulestugu, inn i varmen. Dei må gjerne stilla til lovlege stortingsval, men det tyder vel ikkje at dei skal få tilgang til talarstolen på skulane? Dei må sjølvsagt ha sin ytringsfridom, dei med, som dei òg har (gå berre inn på det opne nettet og sjå: Du vil få bakoversveis av det menneske-synet som her blir openberra).

Men skal ein miniorganisasjon som Vigrid kunne selja sin bodskap overfor tusenvis av lyttande elevar medan til dømes ansvarlege mediebedrifter (TV, radio, aviser) set klare restriksjonar?

Utfordringar

Eg sit i glashus, tilsett på Gol vidaregåande skule som eg er. Men eg ynskjer å utfordra fylkesutdanningssjef og –politikarar samt andre skuleleiarar. For det fyrste: Evaluer Vigrids deltaking i skuledebatt og –val no i 2009. Er de nøgde med opplegg og gjennomføring? For det andre, og viktigast: Er det naturleg å invitera dei til seinare skuledebattar?

Eg meiner altså nei – og viser til opplæringslova. Kanskje er det nok å invitera dei landsdekkande og etablerte partia, eller parti som vil ha ein viss sjanse til å koma inn på Stortinget (eller tidlegare har hatt sete der).

La ikkje den demokrat-iske god- viljen bli ein parodi på politikk.

 

Det er tydeligvis ikke bare demokrati som er vanskelig å fatte for lektor Bolstad på Gol vgs. Historie er også et vrient tema for den gode rettleder av Hallingdalens ungdom. Bruken av ordet fornekte tyder på at Bolstad ganske så korrekt oppfatter at HoloCa$h, som vi kaller løgnen om de 6 millioner drepte jøder, hører til religionens område og ikke historiens.

I religion tror man eller benekter de religiøse dogmene. I historien stiller man kritiske spørsmål og tester påstander mot de fakta man kan påvise. De slutninger man trekker er historiske oppfatninger og ikke religiøse dogmer. Med andre ord er de subjektive og foranderlige både utifra vinkling, men også utviklingen av beviser og motbeviser. Historie er med andre ord en levende prosess som kun kan utfolde seg i riktig retning gjennom fri forskning og fri meningsutveksling og meningskonfrontasjoner.

Jeg regner med at både lektor Bolstad og hans elever på Gol vgs er kjente med at Norge snart er det eneste landet i Europa hvor man kan uttrykke tvil om den offisielle versjonen av HoloCa$h uten automatisk fengsling. Her hjemme nøyer man seg med offentlig terror som kan være ille nok, men er til å leve med.

Skulle det være noen interesse hos lektor Bolstad eller Gol skole tar jeg gjerne turen oppover for å fremlegge mitt syn på historien rundt sentrale spørsmål i forbindelse med den andre verdenskrig. Selvsagt inklusive HoloCa$h og Holocaust som er vårt navn på de alliertes teppebombing av sivile tyske mål under krigen med Dresden og Hamburg-raidene som de mest kjente. Det var virkelige brennoffer (Holocaust betyr brennoffer).

Tar dere utfodringen så mail meg.

Med nordisk hilsen
Tore W. Tvedt

Skrive av Tore W. Tvedt 01.10.09 kl. 21:32 KLAG PÅ INNLEGG

 

Utskriftsvenleg versjon | 06.09.10 kl. 22:54 | http://www.hallingdolen.no/meiningar/ytringar/article98895.ece

annonse
annonse
annonse
annonse