Torsdag 02.september 2010

Heim, kjære heim

Tida er inne. For å stå på eigne bein, forlate «redet», spenne vengene, ta sats og leggje ut på eiga hand.

A A A

Ta opp studielån, vaske kler og kjøpe sin eigen tannkrem. Vera der det skjer, når det skjer. Vaksenlivet står for tur, og det er ikkje lenger nokon veg utanom. Hallingdal må forlatast.

Mange unge hallingar vil om ikkje lenge følgje riksveg 7 vekk frå barndomsheimen i retning «Den Store Verda». Militærteneste i Nord-Noreg, universitetsstudie i hovudstaden eller folkehøgskule ved Mjøsa. Kvite strender og surfing på Hawaii, vintageshopping i Paris og pulserande natteliv á la «Sex og singelliv» i New York.

Utan grenser

Mogelegheitene er uendelege. Ingen hindring er for stor for oss unge, dumme og ansvarslause, då motgang gjer sterk og reisa i seg sjølv er målet. Me er naive og fulle av pågangsmot, med klare tankar om å finne oss sjølve og skape vårt eige. Ein kan bli det ein vil, dra så langt pengane rekk og leve akkurat det livet ein har drøymt om. Verda ligg for føtene våre.

Samstundes, saman med nær grenselaus begeistring, høge ambisjonar og enorm livsappetitt, kjem sentimentaliteten snikande. Det er verkeleg sant at ein ikkje veit kva ein har før ein mistar det. Barndomsnostalgien strør om seg med tyggjegummirosa glitter, og skuggar for all fornuft og kritisk tenking. Joda, det har alltid vore fint her, men det er jo ikkje akkurat noko ein har tenkt så mykje over. Ikkje før no. Aldri har vel Hydnefossen vore vakrare, der han kastar seg vilt ut i kveldssola. Aldri har vatnet i Heimsila vore klarare, himmelen blåare eller graset grønare. Ein drøymer om nysnø på Skogshødn, drøvtyggjande kyr, mjølkeprim, markblomar og kvikaku. Pudderkøyring, endelause kvite vidder og knivskarp vinterluft som bit i kjakane. Klisjeane står i kø, men dei inneheld faktisk spor av sanning. Trass i snakk om bygdedyr, grøftefyll og dårlege riksvegar, er det umogleg ikkje å sakne Hallingdal.

Saknet

I små bygdesamfunn har ein i det minste oversikta, sjølv utan bruk av Facebook. Alle kjenner alle, og gjer dei ikkje det, kan det alltids rettast opp med setningar som «bror til han som er gift med dottera til ho lyshåra i banken».

Du bur i nabohuset til kassadama, løftar vekter med postmannen og er gjerne i slekt med bussjåføren. Dette gir sjølvsagt god grobotn for sladder og ryktespreiing, men også ei kjensle av samhald og tilhøyrsle. Kvardagen er føreseieleg og trygg, med lite dramatikk og få endringar. Keisamt, meiner mange, men det gir iallfall perfekte oppvekstvilkår. Sukk, der kom sentimentaliteten krypande att.

Idyllisk natur og trygge omgivnader til trass, saknet etter vener vil vera størst. Ein har følgd kvarandre heile livet, og delt både leikegrind, tallause rundar «nødt eller sannhet» og eksamenspress. Oppturar, nedturar og råneturar i russebil. Dette gir djupe venskap, og tanken på å reise kvar til sitt er nærast uuthaldeleg.

Ut av dalen

D-dagen er nær føreståande, nådelaus og brutal. Det å vera heilt aleine, utan eit kjend ansikt i mils omkrins, er noko heilt nytt, og trass i at ein får blanke ark og ein ny start, er tanken skremmande. Det siste halvåret har vore fylt opp med avslutningar og tallause happenings, men den høge sosiale aktiviteten gjer vel eigentleg berre fallhøgda endå større. Felles feriar og reunions er allereie under planlegging, og folk har møteplikt på Skype.

Uansett, ut av dalen må ein, og takk og lov for det. Eg vil langt vekk, oppleve nye stader, treffe nye folk og få nye impulsar. Berre på den måten kan ein kjenne på heimlengsla.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 02.09.10 kl. 21:53 | http://www.hallingdolen.no/meiningar/ytringar/article171286.ece

annonse
annonse
annonse
annonse