Berre det at du kom deg igjennom fjoråret, anten dagane var gode eller vanskelege, har gitt deg 90 dagar meir å bruke på slutten av livet ditt.
Kortreist fjernsyn
Vi var mange som var innom Bergensbanen minutt for minutt den siste helga i november eller i reprisesendinga 1. juledag. Den lange reisedokumentaren var samtaletema «i alle kanalar».
Sjølv om reisa var lang, var dette kortreist fjernsyn på sitt beste. Det vart 7 timar og 16 minutt til refleksjon og ettertanke i kjent landskap. Fokus var for det meste framover på det som trygt følgjer skinnegangen, men med sideblikk på vakker natur og folkeliv. Og med tilbakeblikk på arbeidet, slitet og idealismen som har skapt det samfunnet vi lever i.
Kortreiste tankar og enkle refleksjonar skapte både undervegs og i etterkant, samtalar og møtepunkt på Twitter og Facebook, på sms og ved lunsjbord. Men slik er vi menneske. Det er kvardagane vi kjenner best, det er samværet om det nære, det trygge og det kjente som gir den beste underhaldninga, og som styrkjer relasjonane mellom oss.
Slik er det berre.
Ekstra dagar
Det var på denne reisa eg oppdaga dei 90 ekstra dagane. Midt på 1800-talet var gjennomsnittleg levealder i landet vårt om lag 45 år. 160 år seinare er gjennomsnittleg levealder nærare 85 år. Forventa levealder har altså auka med 40 år dei siste 160 åra. Eller 2,5 år for kvart tiår. Eller 3 månader for kvart år. På 160 år av menneskeætta si ganske-mange-tusenårige historie.
Dette er enkel refleksjon og enkel omgang med tal. Forenkla vil nok mange seie. Like fullt er dette statistisk rett. Vi lever lenger med god helse i vår del av verda. Det er ikkje først og fremst åra med sjukdom og fysisk helsesvikt som vert fleire. Fleire lever lenger som friske eldre. Statistikken fortel og at dei neste 20 åra vil talet på pensjonistar, langs Bergensbanen som elles i landet, auke med 70 %. Dei fleste kjem til å ha god fysisk helse.
Sideblikket.
No er det på tide å gå av toget og la refleksjonen gå djupare. Vi lever i eitt av dei rikaste land i verda. Privat velstand og god fysisk helse fører til at fleire av innbyggjarane er i stand til å leva sine liv på måtar som var utenkjeleg for berre ein generasjon eller to sidan. Mange grip sjansen til å vera ubundne. Utan at ein med det finn fridomen. Dei fleste har nok sjølv, fleire får nok med seg sjølv og nokre vert seg sjølv nok. Den ekstreme individualismen grip om seg.
Dei som ser på Noreg med objektive auge, slår fast at det er godt å leva og bu i landet vårt. Like fullt er Noreg eitt av dei landa der den einskilde si kjensle av einsemd er sterkast, og der den psykiske helsa er mest sårbar. Dette er eit større paradoks enn å snakke om kortreist fjernsyn. Men kanskje er det slik nettopp fordi vi ikkje tek oss nok tid til å dela dei kvardagslege hendingane, dei enkle refleksjonane og nære tankane. Ein terapeut sa nyleg at det er tre grunnleggjande føresetnader for alle fellesskap som vil vera sterke og gode fellesskap: Vilje og evne til å berøre, bekrefte og begeistre den og dei ein er saman med.
Tenk om vi kunne nytte dei 90 ekstra dagane vi fekk i fjor, til å utvikle sideblikket og dyrke dei små og store fellesskap vi er ein del av.
RSS
KONTAKT OSS

I 2009 forlenga du livet ditt med 90 dagar. Det kan du tenkja på når du legg deg i kveld.
