Fredag 30.juli 2010

Ut på tur, aldri...

Når du dreg ut i verda med krykker, ryggsekk og koffert, må du vera førebudd på overraskingar.

A A A

Praktiske vanskar kan det vera heile vegen, men dei er det alltid ein eller annan velviljug som hjelper deg med. Av og til hender det likevel noko som du slett ikkje har tenkt på.

Dama i skranken

Då eg skulle «sjekka inn» på flyplassen, hjelpte sjåføren meg med bagasjen fram til Star Tour-skranken. Der var det ei av desse pene med smilekursutdanning. Hjelpemannen la kofferten klar på bandet for meg, der eg sto rett framfor dama. Eg heldt på å ramla over ende då ho vende seg til sjåføren og spurde: «Har Nils pass?» Forbausa fekk sjåføren svara at det hadde eg vel.

Sjølv visste eg ikkje heilt korleis eg skulle takla situasjonen, men fekk fram passet. Då dama heldt fram med å snakka til sjåføren om meg og fortalde han at passet mitt gjekk ut i 2008, vart eg harm og bad henne bryskt om å venda seg til meg. Med same tillærde smilet heldt ho fram som om ingenting.

Køyrekaren og eg kunne ikkje anna enn flira av det heile. Krykker er tydelegvis nok til å bli sett på som utilrekneleg der i garden. Neste tur blir nok med eit anna reiseselskap.

På bussen til hotellet vart eg sitjande attmed ein som viste seg å vera norsk. Me kom i prat. Han gav seg til å snakka om alder, og kor fort desse åra går. Etter kvart slo han frampå at det var godt gjort å dra i veg såpass opp i åra som eg måtte vera. Han meinte eg måtte vera over 80. Sjølv var han reine ungdommen på 63.

Eg sa ikkje så mykje, ettersom eg hadde fått noko å tenkja på. Skulle eg fortelja mannen at me var jamaldringar? Seinare kom det fram at han var i frå Ål og sat i kommunestyret. Han var nok ein kar med innsikt i og forstand på alder og år, og til å gjera pålitelege vurderingar. Der sat eg og plutseleg kjende meg 20 år eldre. Den kjensla gjorde meg ikkje nett rask og opplagd.

Jammen godt eg er på veg til ferie, og ikkje på veg heim frå ferie, prøvde eg å trøysta meg sjølv med. 14 dagar i sol og varme skal nok retta på denne saka!

Ny strategi

Eg vart gåande nokre dagar å tenkja på den «nye» alderen min. Ser eg så skral ut, eller vert eg teken for ein sprek gamal mann som vågar seg ut på reis åleine?

Dette vart det om å gjera for meg å finna meir ut av. Derfor bestemte eg meg for at heretter skulle eg svara 83 om spørsmålet om alder dukka opp. Då vil det visa seg om ålingen har rett. Må tilstå at eg gjekk litt spent i fyrstninga då spørsmålet kom på bane i samtalar med folk eg møtte.

Etter å ha gjort fleire forsøk med denne nye strategien, hadde eg fått kommentarar av mange slag. Oftast førte svaret til latter og moro, så eg slo meg etter kvart til ro.

No er eg tilfreds med kva undersøkinga viste meg. Møter eg karen frå Ål att nokon gong, så skal eg ikkje seia så mykje, kanskje berre fortelja at eg òg vart fødd i 1947? Eg er utruleg glad over å ha fått 63 år. Er eg heldig, vert eg kan hende 83? I mellomtida tek eg krykkene, ryggsekken og kofferten og dreg på tur, vonarleg aldri sur.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:10 | http://www.hallingdolen.no/meiningar/ytringar/article136872.ece

annonse
annonse
annonse
annonse