Historielaget hadde eit sterkt ynskje om at nokre graver måtte fredast. Den eine var ei ordførargrav, og sitjande ordførar kjende seg ikkje vel i situasjonen som medlem i fellesrådet der ein skulle ta avgjerd i saka.
Gravferdslova opnar for at ein kan verne grava etter ein person som etterlet seg ei interessant personalhistorie. Det var etter denne paragrafen at historielaget ville verna nokre graver. Det vart ei omstridd sak, og eg måtte finne meg i å bli kalla både «uvitende» og «historieløs». Det vart nokre fyrstesider i lokalavisa, og at eg i denne samanhengen var historielaus, var forresten heilt rett. Det var også beint fram bra at eg, som framand i byen, skulle gje tilråding i saka.
Små samfunn
Medan ordføraren seig enno eit stykke ned i stolen, måtte fellesrådet meine noko om vern av personalhistoriske grunnar: Var ein ordførar viktigare enn andre personar? Kva med kjøpmannen, ferjeskipparen og jordmora? Korleis ville det vesle samfunnet sett ut om ikkje dei hadde vore der?
Fellesrådet enda opp med å gjere vedtak om at ein person måtte ha gjort seg gjeldane nasjonalt eller internasjonalt for å få grava verna. Vurderingane av dei gravlagte lokalkjendisane måtte sjåast i lys av det.
Saka om vern av graver etter personar som skal vera viktigare enn andre, har ofte sett meg på tanken om dei mange fordelane med små samfunn. Her må ein forhalde seg direkte til alle. Eg kjenner - og er heilt avhengig av politikarar, kjøpmenn, sosialarbeidarar, bønder, sjåførar og handverkarar som alle gjer sitt til at samfunnet går rundt. For meg er dei ikkje berre ei gruppe som utøver yrket sitt, men andlet eg kjenner. Burde dei ikkje fått grava verna heile gjengen? Kunne ikkje alle fått utfyllande presentasjon på gravsteinen?
Likt for alle
Eg meiner me lyt halde fast på at gravplassen er for alle, og at me ikkje skal rangere folk etter at dei er kome dit. Er det mogeleg å sjå kyrkjegarden som eit siste ledd i ein kommunes helseteneste, og berre det? Rett nok er ein sosialdemokratisk kyrkjegard med heilt like firkanta gravsteinar, nokså kjedelege greier. Utforminga av gravminne kan nok bli meir spenstig både med tanke på skrift og materialar. Men å lage kyrkjegarden til eit museum er meiningslaust. Dei som fortener å bli hugsa over generasjonar, har alt syrgja for det sjølve i form av ein god prestasjon, ei bok, eit bygg, ei «herme» eller anna.
Enkelte vitjar gjerne kyrkjegarden når dei er på besøk på framande stader. Då fortel kyrkjegarden historier frå den nære fortida, men berre unntaksvis vil det vera noko som strekkjer seg svært langt tilbake i tid. Ein skal hugse på at skikken med gravminne av stein er nokså ny i Norge. I Hallingdal finn ein knapt gravminne som er eldre enn 150 år. I så fall er dei verna - ikkje på grunn av ei unik personalhistorie, men fordi dei er gamle.
Unaturleg «museum»
Før i tida vart gravene vanlegvis merka med ein trekross eller ein pinne. Når gravminnet av tre var borte, var grava ledig og kunne nyttast om att. Skikken i Norge har jamnt vore at gravplassar skal nyttast fleire gonger. Å gjere dei om til museum er unaturleg, kortsiktig tenkt og heller ikkje særleg historisk interessant. Er du ute etter bygda sine gamle kjendisar, kan du vende deg til det lokalhistoriske kontoret.
Strida om gravminna i den vesle byen på Sørlandet enda faktisk med at eit par av gravminna vart freda, men det var ikkje på grunn av karane som låg under gravsteinane. Gravminna stod på eit felt som vart naturleg å verne fordi det var svært gamalt, og unikt. Feltet blir framleis brukt til gravlegging.
RSS
KONTAKT OSS

Frå arbeidet mitt som kyrkjeverje sør i landet, minnes eg den raudleitte ordføraren. Han var ikkje naturleg raud i kjakane, men vart brydd kvar gong saka om verneverdige graver kom opp.
