Viktig symbolsak

Det har ulma lenge i Hallingdal, no er det i ferd me å fate i. Me snakkar om skattekontoret på Gol og kampen for å halde på offentlege tenester i regionen.

Skattedirektoratet skal effektivisere og bli betre. Oppskrifta er velkjend: færre kontor, samling av kompetanse og større einingar. Derfor skal skattekontoret på Gol vekk. Kontoret på Leira skal overta ansvaret for Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit samla Hallingdal har kjempa for kontoret og tenestene. Næringslivet har protestert. Reiselivsbedrifter i Hallingdal er store brukarar av tenestene til det lokale skattekontoret. Det same er anna næringsliv, blant anna Nortura med sine mange sesongarbeidarar.

Meldinga er klar: Hallingdal treng eit skattekontor. Og hallingane brukar kontoret. Ei overføring til Valdres betyr ikkje berre tap av 12 statlege arbeidsplassar, det forverrar forholda for næringslivet i regionen. Til alt overmål er det i kontorsaneringa foreslått kontor både på Leira, Gjøvik, Otta og Lillehammer i nabofylket, medan Buskerud sit att med tre: Hønefoss, Drammen og Kongsberg.

Det er ingen saklege argument for å fjerne tilbodet frå Hallingdal. Folkemøtet på Gol sist veke synte kva irritasjon som er bygd opp – frå lokale ordførarar og brukarar, til næringsorganisasjonar og stortingsrepresentantar. Irritasjon, og frustrasjon over ikkje å bli høyrd og teke på alvor.

Skattekontoret i Gol er i ferd med å bli ei viktig symbolsak, som handlar om meir enn eit kontor. Den er ein del av eit større mønster der distrikta sit att som taparar, og der folk fryktar nye kuttrundar i stadig nye sektorar. Kva er det neste? Tingretten? Nav?

Politikarane kan late att augo og la utviklinga gå sin gang. Resultatet blir eit Bygde-Norge utan tillit til det politiske systemet. Det er ei farleg utvikling for alle.

Derfor har politikarane alt å vinne på å fange opp stemninga i distrikta og ta ho på alvor. Skattekontoret i Gol har blitt ei sak som sender eit signal om kor greitt eller kor vanskeleg det skal vera å bu i distriktet. Forstår politikarane misnøya og frustrasjonen som bygger seg opp på grasrota, eller bryr dei seg ikkje? Valet bør vera såre enkelt.