Skribenten tek for seg nokre av merkedagane som pregar primstaven no mot slutten av vinteren. (Arkivbilete)
Skribenten tek for seg nokre av merkedagane som pregar primstaven no mot slutten av vinteren. (Arkivbilete)

Våren i anmarsj

Ikkje før er vinteren på hell før nye merkedagar og ny årstid står og bankar på døra

Kyndelsmesse er eit gamalt vyrd namn. Merkedagen 2. februar har ein lysestake som merke – namnet kjem av det latinske namnet for lys, candela. Lysa hadde makt til å hindre uvêr og gav vern ved voggene til udøypte born og ved sjukesenger. Dagen var heilagdag til 1770. Folk trudde at bjørnen no snudde seg i hiet.

Kyndelsmesse, formelt «Festen for framberinga av Herren i tempelet», er ein kristen feiringsdag til minne om at Jesusbarnet vart boren fram i tempelet i Jerusalem førti dagar etter fødselen. Dagen vert feira 2. februar i vestleg og austleg kristendom, bortsett frå i den armenske ortodokse kyrkja, der han finn stad 15. februar med ein forfest på ein dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagen er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja, og ein «Principal Feast» i den anglikanske. Framføringa i Tempelet er rekna som eit av «Dei glederike mysteria» på den katolske rosenkransen. I liturgisk samanheng kan han markera slutten på juletida.

Frambering i tempelet var ein jødisk tradisjon som fann stad førti dagar etter fødselen for gutar og åtti dagar etter fødselen for jenter; dette tilsvarar den reinsingsperioden mora måtte gjennom etter fødselen (3. Mos 12, 2–4). Ifølgje Lukasevangeliet bar Maria og Josef Jesus fram i tempelet førti dagar etter fødselen, og sidan ein først feira fødselsfesten den 6. januar vart Hypapante feira den 14. februar. Seinare vart fødselsfesten flytta til den 25. desember, derfor daterer ein framberinga til den 2. februar.

Andre merkedagar

Eit seglskip var merket på Blåsemessedagen 3. februar. Då vart det blåse liv i alle liv som hadde ligge i dvale – og i vekstar. Persok 22. februar var til minne om St. Peter som denne dagen kasta varme steinar og på isen. Det byrja å tine no, og isen byrja losna. Dagen vert rekna som aller fyrste vårdagen. Laupårsmesse 24. februar talde to gonger kvart fjerde år for ta inn skotårsdagen. Skotår vart rekna for å vera uheldige, det kunne lett verta både turrår og mykje regn særleg om det var sjutal i året. I 1777 smelta ikkje snøen før i juli, og då var det for seint å så.

Våren

Skjeggdagen 1. mars hadde eit mannshovud med skjegg som merke og var til minne om den heilage Albinus som kunne helbreda blinde og som vekte eit dødt barn til live att. Frå denne dagen og fram til Gregormesse 12. mars var det lov for fattigfolk å tigga overalt. På Gregormesse hadde kråkene tingdag, difor var primstavmerket ei kråke. Frå gregormesse kunne folk leggja seg og stå opp utan å tenne lys.

Vårjamdøger 21. mars, også kalla Bendikmesse, hadde ei hakke som merke. Denne dagen måtte ein ikkje arbeida med noko som gjekk rundt, men det kunne kastast jord på åkeren for å hjelpa på snøsmeltinga. Marimesse 25. mars skulle huset feiast reint og soplimen kastast ut gjennom døropninga. Bjørnen var ventande ut av hiet for no gjekk vinteren mot slutten. Dagen vart også kalla vårmesse fordi det var midtvegs mellom juledagen og jonsok. No var det slutt på sledeføret. Ambrosiusmesse 4. april hadde ein båt som merke. Dette var ein svært fin dag for bryllaup, for denne dagen var kvinnene ømme og kjærlege. Var dette bryllaupsnatt, måtte mannen låse ytterdøra og ikkje brura, slik vart det ikkje krangel på bryllaupsnatta! Dei to doggnettene 12. og 13. april var dei to siste dagane på vintersida av primstaven. Då måtte staven snuast og sommarsida takast i bruk.

Johnny Grøthe

skribent/pensj. tannlege

Oslo/Hemsedal