Tre kjønn og fire kjæringar?

Det er ikkje lenger heilt greitt å halde styr på kjønn og kjærleik, samliv og ekteskap. No går det fort frå det kjende, inn i ukjent lende. Folk blir rådville. Sivilisasjonen pustar tungt.

Høyrde i radio her ein morgon at me no skal ha tre kjønnskategoriar, alt etter som det passar i livsløpet og stemninga til ei kvar tid. Det må difor til nye pass, og dersom du ikkje er sikker på om du er mann eller kvinne, kan du krysse av på HEN.

Den kjende Esben Esther Pirelli Benestad vil òg ha høve til å krysse av for «hin» (men med liten h, for å unngå forveksling med Hinmann). Me hallingar får truleg ikkje sjansen til å krysse av for «tvitoling», endå det er eit godt norsk ord for hermafroditt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det neste blir aksept for polygami og, etter kvart, pedofili? Snøballen rullar. Ingen brems. Fri flyt.

Grenselaust

Forkjemparane for det nye, grenselause samfunnet, fortel: Kjønn er ikkje noko biologisk og naturleg, men ein sosial konstruksjon. Berre eit påfunn for å ordne og styre samfunnet. Biologien og naturen kan og bør opphevast. Kjønn skal vera eit individuelt val. I hedonismens namn må alle behov stettast. Alt er «likeverdig» og moralsk hipp som happ.

Ei mor og ein far åleine med born er framleis bra, men for smått. Foreldre skal det bli fleire av. Det beste er «medmor» og «fleirforeldre», – ja, helst ein heil regnboge av foreldre.

Hugs: Det er no 13 forskjellige metodar å skaffe seg ungar på, – i tillegg til den naturlege måten, den me har brukt hittil. Kva blir konsekvensane for samfunnet i det lengre perspektivet?

Skikken

Mange av våre nye landsmenn likar ikkje dette med tre kjønn og seksuelle minoritetar. Derimot vil dei ha polygami. Denne skikken med fleire kjæringar er framleis «skjult» og lite offisiell, men er på seremoniell veg inn i moskear og tette grannelag rundt i Europa.

Profeten Muhammed er rollemodellen for muslimar til evig tid. I krigføringa på den arabiske halvøya hadde han bruk for meir folk. Då var det både praktisk og taktisk å la kvar mann ha fleire kjæringar, opptil fire i slengen. Då blir det fart på sakene!

Fritt fram

Skal det vera «likestilling» og multikulti for alle behov og særdrag, må denne kulturen godtakast også her i nord. Her i Skandinavia er opptil fleire politiske ungdomsparti alt komne med framlegg om fleirkoneri/fleirpartneri. Siktemålet for liberale hedonistar er som kjent «fritt fram» for alt og alle.

Me er verkeleg på veg inn i ukjent lende. Kven skal finne vegen ut att?