Dette er, etter alt å døme, framleis ei vanleg utgåve av tragethonrokken.
Dette er, etter alt å døme, framleis ei vanleg utgåve av tragethonrokken.

Tragethonrock

Damptelefonsamtale mellom Halgrim Ulsaker og underskrivne.

Hallgrim (H): Du Gudrun, har du nokon greie på denne Tragethonrokken?

Eg: Men dreiv dei med rock i Trøgathon då?

Artikkelen held fram under annonsen.

H: Du e i frå Hol du, ja. Ja, de sea vel Trøgathon, de?

Eg: Jaa-u, men e ha ikkji høyrt om nokon Trøgatonrock, hm. – Tragethonrock.

H: Ha du ikkji? Men Tragethonrokken e no so kjend, at!

Dette er, etter alt å døme, framleis ei vanleg utgåve av tragethonrokken.
Dette er, etter alt å døme, framleis ei vanleg utgåve av tragethonrokken.

Eg: Det e veldig mange i Trøgathonslekte som era vakse musikalske.

H: Jasso, sigji du det –

Eg: Ho Inger er no veldig musikalsk. Eg tru ho starta ei popgruppe som dei kalla «Dandy-Girls».

H: Nei, sigji du det, detta va interessant, når va det då?

Eg: På slutten av sekstitalet, eller kansi det va på syttitalet. Jammen, det hugsa no vel du? Det va popmusikk det! Det va ikkji rock. Og ho Inger spela torader. Ei tid gjekk ho omkring i Russland og spela torader, og ho hadde ikkje med seg ein rubel, men folk toko i mot’n med opne arma!

Artikkelen held fram under annonsen.

H: Ja, visst. Jammen detta va interessant. Men denna Tragethonrokken, han va no vel veldig gamal?

Eg: Nei, trur du det?

H: Han ska vera nemmast ei oldsak. Og veldig fin.

Eg: Kan du tenkji deg at det fanst noko rock i Hol før på femtitalet?

H: Å, han va mykji eldre, Tragethonrokken!

Eg: E det mule? Men va det i det heile noko rock i Norge før Elvis? Åsso uppi Kvislagrende?

H: Elvis! – Ja han kom vel på femtitalet, men det er ikkje slik rokk e tala um. E tala um ein ROKK, ein RØKK, ein te å spinne på!

Eg: Å! Ein røkk te å spinne på. Jaha.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av og til kan ord som uttalast likt, men har ulik meining, føre til mistydingar. Men i ein konstruktiv samtale blir mistydingane oppklara.