Fredag 30.juli 2010

Folkelarm – NM i demokratisk teater

I 25 år skapte Spellemannprisen kollektiv sutring i norsk folkemusikkmiljø. Ikkje nok med at dei rappa sjølve namnet.

A A A

I tillegg prøvde dei å gøyme vekk heile sjangeren så godt dei kunne. Slo saman folkemusikk, gammaldans og danseband og visesong og fandens oldemor. Og delte ut gammaldansprisen til Ole Ivars.

Difor var gleda stor då Landslaget for Spelemenn endeleg manna seg opp og lanserte Folkelarm. I tillegg til å vera svaret på rockemusikkens Bylarm skulle det bli miljøets store fest med eigen platepris, Folkelarmprisen. Etter ein famlande start i 2005 var velviljen stor, og omkvedet i miljøet var at det sikkert ville gå seg til etter kvart.

Sist helg gjekk 2009-utgåva av stabelen på Cosmopolite i Oslo. Laurdagskvelden var vigd prisutdelingane. 20 flotte plater var nominerte i fem ulike klassar. I tillegg vart det delt ut pris til årets produsent. Og til slutt sjølve prestisjeprisen, Årets folkemusikar.

Eg trudde på ein kveld med feiring og sårt tiltrengt marknadsføring av alle dei ulike sjangrar og uttrykk i norsk folkemusikk. I staden fekk eg ufrivillig vera med på Noregsmeisterskapen i demokratisk teater. Tre prisar gjekk til tradisjonell norsk folkemusikk. Ein pris gjekk til samisk joik. Johan Sara jr. vann produsentprisen. Og dei to siste prisane gjekk til norskafrikanarar. Årets folkemusikar heiter Kouame Sereba og kjem opphavleg frå Senegal. Var ikkje Alexander Rybak vurdert? Han spelar fele og kjenner fleire lausdansarar! Ingen har gjort større jobb i utlandet for folkemusikk og dans det siste året enn han. Burde ikkje han ha heidersmedlemskap i LfS?

Eigentleg mangla det berre ein pris. Nemleg ein heiderspris til juryen og styret i LfS som suverene vinnarar i klassen for politisk korrekt veremåte.

Og berre for å ha sagt det: Alle som no sit med Hallingdølen og bles seg opp, klare til å utnemne meg til årets folkemusikkrasist, kan spara seg bryet. Og på andre sida, du som ropar hurra og trur at bodskapen min er: Nei til folkemusikkprisar for samar og afrikanarar! Drikk eit stort glas mjølk og legg deg tidleg. Det treng du.

Dette handlar faktisk om noko heilt anna. Nemleg om Landslaget for Spelemenn og deira nesten uforståelege evne til laga lapskaus av noko som verkeleg kunne vore ei festmarkering for alle dei folkemusikksjangrar som lever og blomstrar side om side i landet.

Er mindreverdskomplekset så lammande i organisasjonen at dei ikkje tør å vise fram mangfaldet i det dei representerer? Eller er samarbeidet med Rikskonsertane så avgjerande at det viktigaste er å gjera dei til lags? Prøver dei å gjera seg lekre for Trond Giske slik at dei skal få større løyvingar? Eller er det draumen om å eksportere hippe folkemusikkartistar til det store utland som gjer LfS så halvblinde denne eine kvelden i året?

Kan ein eller annan i LfS forklare kvifor det ikkje går an å laga priskategoriar som det er mogleg å forhalde seg til? I år heitte dei solo, gruppe, gamaldans/tradisjonalist, crossover og dokumentasjon. Det var nominert plater i nesten alle sjangrar, i alle klassar.

Kan vi få høyre litt om kvifor det er så umogleg å ha eigne prisar for vokal folkemusikk, solospel på fele/hardingfele, solo durspel, gruppespel, gammaldans og eldre folkemusikkinstrument. Dei fleste av desse kategoriane er det LfS som har laga sjølv. Dei er sjølve rammeverket for alle kappleikar. Og det er i desse klassane dei kårar meistrar både på Landskappleiken og Landsfestivalen.

Kva med ein pris for beste danseplate? I tillegg er det heilt naturleg med eigne prisar både for samisk folkemusikk, crossover/world music og dokumentasjon. Og ingen vil protestere på ein eigen klasse for etnisk musikk frå heile verda. Det er mange dyktige utøvarar frå andre land som har gjort nordmenn av seg og som er med på å berike norsk musikkliv.

Dette forslaget er heilt gratis. Ingen vil synast det er rart. Juryen slepp å samanlikne hoggorm og geit. Og det blir uansett ikkje meir enn 12-15 prisar å dele ut. Såpass bør det jammen vera.

Men la no Folkelarmprisen få vera den markeringa av norsk folkemusikk som alle trudde han skulle bli. Prisen bør vera ein manifestasjon av det LfS elles er så stolte av å representere. No står heile Folkelarm i fare for å bli uviktig, og noko ingen har høyrt om. Kanskje Spellemannprisen ikkje er så ille likevel?

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:15 | http://www.hallingdolen.no/meiningar/sett_uttate/article98672.ece

annonse
annonse
annonse
annonse