Torsdag 02.september 2010

Skal SOS Rasisme tene folket?

Buttonen med den gule handa var plassert på lokket på skinnranselen min, slik at alle skulle sjå han. Gjennom heile ungdomsskolen hang han der.

A A A

Det stod «Ikke mobb kameraten min» SOS Rasisme midt i handflata. No har bodskapen fått ein emmen bismak.

SOS Rasisme skal jobbe mot diskriminering. For at folk skal ha like rettar. Det skal vere ei grasrotrørsle. Tusenvis av ungdommar har stolte vist fram logoen på t-skjorter og buttons, dei har gått i demonstrasjonstog og markert avsky mot diskriminering og rasisme. Som journalist i NRK har eg intervjua SOS Rasisme ei rekke gonger. Dei har snakka om kor feil det er at dei som har vanskelege namn, ikkje blir kalla inn til jobbintervju. Om at dei med anna hudfarge blir nekta å komme inn på pubar og utestader. Dei har gjort ein god jobb.

Men så viser det seg at organisasjonen likevel har ei politisk slagside. Og det er litt av ei slagside. Media har denne veka avslørt at eit fleirtal av dei tillitsvalde i organisasjonen er tilsette, styremedlemmer eller aktive i den hemmelege, kommunistiske gruppa Tjen Folket. Ei gruppe som jobbar for væpna revolusjon i Noreg. Ei gruppe som hyllar ein av dei verste tyrannane i historia, Josef Stalin. Det er klart at det er organisasjonsfridom i Noreg, også for dei som arbeider og har verv i SOS Rasisme. Men for ein organisasjon som seier dei er partipolitisk uavhengige og ønskjer å favne så breitt som mogleg, er det strengt tatt litt spesielt at store delar av leiinga er med i ei så ekstrem politisk gruppe.

Og det stoppar ikkje med det. Ifølgje Klassekampen skal Tjen Folket ha brukt SOS Rasisme for å finansiere sin eigen organisasjon. Viss dette stemmer, er det eit alvorleg tillitsbrot. SOS Rasisme tek imot medlemspengar frå barn og unge som vil vere med å påverke, som vil kjempe mot urett som rammar andre enn dei sjølve. Dei gjev av sine sårt oppsparte sparepengar og av sitt engasjement til ein organisasjon som skal kjempe mot rasisme, ikkje til ein organisasjon som vil feire Stalin.

I postkassa mi kom brosjyrar og klistremerke, ein gong på slutten av 80-talet. Og altså den etterlengta buttonen med handa. Eg syns han var ganske tøff. Og så var eg litt stolt, fordi eg våga å vise at eg stod for noko. Så vidt eg hugsar, betalte eg dei få tikronene eit medlemskap kosta.

SOS Rasisme hevdar dei er ein av dei største antirasistiske organisasjonane i Europa, med sine 40.000 medlemmer. Men er dei eigentleg det? Undersøkingar syner at spedbarn står oppført på medlemslistene, saman med folk som seier dei aldri har meldt seg inn.

For sine 40.000 medlemmer har organisasjonen fått millionar av kroner i offentleg støtte. No er dei under gransking for å ha brukt pengane feil. Dei skal har kjøpt eigedommar i staden for å bruke pengane til lokal aktivitet for barn og unge.

Om to dagar er det sjølvaste nasjonaldagen. I ein park på Grünerløkka i Oslo er det gratiskonsert arrangert av SOS Rasisme. Dei kallar det «17. mai for alle». Eg brukar ta ein tur innom. Høyre på banda som spelar, grille pølser og prøve å unngå at bunaden blir svidd i eingongsgrillen eller får grønskeflekkar.

«17. mai for alle»-arrangementet starta etter at ei gruppe nynazistar ringde inn ein bombetrussel mot Sagene skole i Oslo. Dei meinte 17. mai feiringa var blitt for fargerik. Det er mykje som har endra seg sidan dette skjedde i 1983, heldigvis. Eit fargerikt fellesskap er ein del av den norske kvardagen, også på den norskaste av alle norske dagar, 17. mai. Og ein del av æra for det skal SOS Rasisme ha. Dei har gjort ein viktig jobb.

Men det er framleis mykje som står att. Me treng at barn, unge og vaksne kjempar mot diskriminering. Når SOS Rasisme no blir skulda for å ha juksa med både medlemstal og offentlege pengar, er det svært alvorleg. Dei risikerer ikkje berre å skuffe idealistiske tenåringar, men også å spele seg sjølv ut over sidelinja.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 02.09.10 kl. 21:46 | http://www.hallingdolen.no/meiningar/sett_uttate/article164307.ece

annonse
annonse
annonse
annonse