Fredag 12.mars 2010

Klikk. Då tante Grenselaus vart Grusom

I fall eg ikkje skulle få eigne ungar, forsøker eg etter beste evne å leggje inn aksjar hjå tanteungane, slik at eg på Heimen vil vere sikra minst eit besøk i året.

A A A

I så høve er spesielt den eine tanteungen ekstra utsett, som også bur i hovudstaden. Overfor henne er eg tante Grenselaus. Og til dei som no sit med lesarinnlegg-pennen spissa for å krote ned harmdirrande lesarinnlegg om at barn trivst best med og treng grenser, jo takk, det er eg klar over. Men det er altså desse besøka på Heimen eg tenkjer på, og i så måte er eg redd eg ligg tynt at etter følgjande to fadeser på ein og same ettermiddag:

På veg heim, etter å ha henta tanteungen i barnehagen, var eg nærmast våt til skinnet etter at ho for annankvar meter hadde huka seg ned etter enda meir snø å kaste på tante Grenselaus. «Heimen. Tenk Heimen», tenkte eg, og lot ho halde på. Omsider framme låser eg opp døra og går inn, medan tanteungen, som enno står på utsida, med eitt smeller att døra. Og det er her det fatale skjer: Framleis i tullemodus er det ein refleks i meg som låser døra. Klikk sa det. Eg hadde sjølvsagt ingen planer om å la henne tilbringe ettermiddagen i ti minusgrader, men det kjende openbart ikkje tanteungen seg så sikker på. Knapt eit sekund etter klikket, høyrde eg gråten kome der utanfor. I eit blaff såg eg meg sjølv på Heimen, sitjande mutters aleine i ein krok med eit enormt strikketøy i hendene. Eg var derfor snar med å rive opp døra for å trøyste, seie unnskyld og ikkje minst understreke at eg på ingen måte hadde tenkt å la henne berre bli der.

Men tanteungen hadde fått seg ein såpass stor støkk at ho vende det døve øyret til. Etter kvart fekk eg likevel lokka henne over i favorittleiken hennar, rollespelet der ho er kattepusbaby og eg kattepusmamma. Etter å ha hatt rolla som kattepusmamma rundt rekna hundre gonger, kjende eg imidlertid sterkt på at mine replikkar hadde eit gråleg skjær av å gå på tomgang («mjau, vil du ha litt mjølk?»). Så då tanteungen uventa dikta inn at ein tjuv brått kom inn i prinsesserommet, bestemde eg meg for å ta det heile eit par hakk vidare: «Sjå her har du ei sløv saks du kan klippe av han armane med», sa eg. Til mi store overrasking responderte ho slik: «Ja, så skraper me ut kjøtet på han og spikrar han opp på eit kors, sånn som Jesus, for da gjør det vondare». Sa ho, og hoppa iltert på «tjuven», i dette høvet ei pute som låg lagleg til. Lettare inspirert og ikkje minst fascinert av den voldsglade vesle prinsessa som no openbara seg, heldt eg fram: «Her har du ei sag. Den kan du sage av føtene med. Så heller me kokvarmt vatn inn i nasen på han, stappar han i do og dreg ned».

«Ja», sa femåringen og tok ivrig imot den imaginære saga og saga laus.

Det er med skam å melde at eg fyrst seinare skjøna at eitkvart modent, oppegåande menneske undervegs i leiken ville ha skyte inn eit «Men i verkelegheita kan me ikkje kutta av kvarandre armane med saks». Dette plagar meg sjølvsagt først og fremst med tanke på kva det gjer med besøka til Heimen. For sett at det er dette ho kjem til å hugse frå vår tid saman: Klikket frå den eine gongen eg låste henne ute. Tanta som oppmodar til partering av kroppsdelar med sløv reiskap. Eg innser det no. Det kan bli glissent på Heimen.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 12.03.10 kl. 14:49 | http://www.hallingdolen.no/meiningar/sett_uttate/article116103.ece

annonse
annonse
annonse
annonse