Eigentleg er det latin og henta frå eit dikt av Horatius, eller Quintus Horatius Flaccus (fødd 65 f.Kr., død 8 f.Kr.). Ifølgje Wikipedia var han blant dei aller fremste romerske diktarane og ein viktig litteraturteoretikar.
Carpe Diem er ein metafor. Ordet metafor kjem frå gresk og vil seia at ein skriv, snakkar eller på annan måte uttrykkjer éin ting for slik å gi forståing av ein annan ting. Heile verselinja er «Carpe diem quam minimum credula postero», det vil seia «Grip dagen, stol så lite som mogleg på den neste». Carpe Diem er såleis ei oppfordring til menneska om å nyte kvar enkelt dag.
Eit godt døme på ein del av den latinske arven som stadig er å finne både i norsk og andre språk, og som dei fleste brukar utan å tenkje så mykje over kva det eigentleg betyr. Ta for eksempel bokstavane NB!. Ei forkorting for «nota bene», som betyr vel å merke eller legg godt merke til. For ikkje å snakke om video, som betyr eg ser. Eg ser video!? Eg ser eg ser. Sagt på ein annan måte: smør på flesk. Om det uttrykket ikkje akkurat stammar frå latin, så er det ein mykje brukt metafor. No for tida faktisk også heilt bokstavleg.
Og då er eg endeleg kome fram til det eg ikkje hadde tenkt å skrive om, men som eg kom på akkurat no. Herregud, dette er verre enn resonnementa til Ivar Dyrhaug i Beat for Beat.
Altså: Flesk og smør og smør på flesk. I fleire tiår har vi blitt innprenta i læra om kor livsfarleg det er å eta feit mat. Alt skal vera lett. Lettmjølk, lettsmør, lettrømme, lettbrus, lettost, feittfri kjøtdeig, magre pølser og magert kjøt (grisen ser ut som ein jakthund), med jogging og treningsstudio til dessert. Dersom alle berre lever etter denne oppskrifta blir vi unge og vakre heile livet, og nærast udødelege.
Nesten som eit credo (latinsk for: trusvedkjenning) har dette vore oppskrifta på det gode liv over heile den vestlege verda sidan tidleg 70-tal. Men kva har skjedd? Vi har vorte feitare og feitare dei siste 30 åra. Livsstilssjukdommane florerer. Gjennomsnittsvekta har auka dramatisk, og helsestyresmaktene snakkar i fullt alvor om ein fedmeepidemi. Ein slags fleskepandemi som det ikkje finst vaksine mot.
«Det finns ikke piller mot møkkete vann», som det heiter i Lunsj i det grønne med DumDum Boys.
Viss utviklinga held fram, vil 86 prosent av alle vaksne amerikanarar vera overvektige innan 2030. I dag er det «berre» 65 prosent som er det. Situasjonen er ikkje stort betre i Europa. EU-kommisjonen har laga sin eigen fleskerekneskap, som viser at 11 millionar barn er overvektige, og at tre millionar lir av fedme. Og som om ikkje det var nok er det ting som tyder på at lettprodukt kan ha den utilsikta effekt at dei fører til overvekt hos barn, viser ein forskingsrapport frå University of Alberta i Canada. Fordi dei rett og slett et meir enn dei elles ville gjort med ei annan samansetjing av kosthaldet.
Og dermed er det at «smør-på-flesk»-ekspertane gjer sitt inntog i debatten. Legar og andre kosthaldsekspertar som hevdar kjetterske synspunkt og har ein heilt annan bodskap enn den etablerte statlege kosthaldseliten. Og som er frekke nok til å krevja å bli tekne på alvor. Nesten alt som har vore farleg å eta i ei par generasjonar er den nye oppskrifta på å bli god og mett og gå ned i vekt. Den svenske legen Annika Dahlqvist var i Oslo denne veka og lanserte den nye boka si. Konkret er bodskapen hennar å unngå søtsaker, kaker, brød og frukostblandingar, i tillegg til potet, ris og pasta. I staden meiner ho folk bør eta mat rik på feitt og protein: Flesk, egg, kjøt, fisk, fløyte, rømme og smør er bra, medan margarin og annan mat med kunstig tilsetning er fy-fy!
Har du høyrt om slik mat før? Reine skire stølskosten spør du meg. Det er slikt ein blir livsnytar av.
Då dette tiåret enno var ungt, skjedde det noko oppsiktsvekkjande. Høna vart frikjend og freda! Det var ikkje livsfarleg å eta egg lenger. Tvert imot. Kan vi håpe på at «smør-på-flesk»-bodskapen kan ha noko av det sama i seg?
Carpe diem! Det vil vera enklare å gripe dagen og nyte han når du kan eta nakkekotelettar i fløytesaus med godt samvit. Det trur eg Horatius hadde vore einig i.
RSS
KONTAKT OSS

– Carpe diem, seier folk. Og skriv det på Facebook eller broderer det og hengjer det på veggen.
