Rydd opp!

Pårørande er fortvila over tilbodet Gol kommune gir eldre og demente i omsorgsbustader. Ein konkret klage frå Torstadvegen omsorgsbustad fortel om ei hending der ein dement rullestolbrukar vart hengande att i sengegrinda etter skjorta då vedkomande prøvde å kome seg på toalettet om natta. Personen vart ikkje funnen før dagvakta kom. Då var eine armen lamma og kroppen mørbanka. Det enda med lungebetennels og sjukehusinnlegging.

Pasient- og brukarombodet har fått fleire klager frå Gol der pårørande har skildra uverdige situasjonar. Klagene er heller ikkje noko nytt fenomen. Men ifølgje pasientombod Anne-Lene A. Arnesen skil Gol seg ut ved at det ikkje skjer nokon betring. Det er same innhald i klagene, det handlar om for låg bemanning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunane pliktar å gje folk helsehjelp tilpassa den enkeltes behov. Dette er ei lovpålagt oppgåve i helse- og omsorgstenestelova. No har fylkesmannen varsla tilsynssak for å avklare om kommunen oppfyller sine lovpålagde oppgåver. Det same skjedde i 2013. Den gongen konkluderte fylkesmannen med at Gol kommune braut helse- og omsorgslova.

Med stadig nye klager er det bra at fylkesmannen følgjer opp med tilsyn. Me kan ikkje tillate at ein kommune ikkje gir nødvendig helsehjelp for folk. Så enkelt er det.

Det er dessutan urovekkjande å registrerer kommentarane frå Gol kommune. Administrasjonen skildrar ein kvardag med stramme økonomiske rammer og ei grunnbemanning som i liten grad tek høgde for variasjonar i drifta. Dei peikar med andre ord på politikarane og behovet for meir pengar. Det same signaliserer pårørandeforeninga; problemet i demensomsorga er tronge budsjett.

Ordførar Heidi Granli (Ap) har så langt ikkje sagt at rammene er for tronge, men understrekar at ho har tillit til administrasjonen. Partifella Sigrun Eng derimot er klar i sine uttaler: Problema skuldast ikkje pengemangel, men dårleg organisering. Og at arbeidet med omsorgsplanen har teke altfor lang tid.

Det blir med andre ord gjeve svært ulike signal om kvar problemet ligg. Er det for tronge rammer, eller er det for dårleg organisering? Uansett kva problemet er, må kommunen rydde opp, og det raskt. Her må ordførar og rådmann på banen.