Rask avklaring i Nordfjella

Korleis få bukt med skrantesjuka på villreinen i Nordfjella? Det er den store diskusjonen innan villreinforvaltninga og landbruket. Og ikkje berre der. Spreier den dødelege sjukdomen seg til villrein i andre område og til andre dyr, snakkar me om ein dramatisk situasjon for både miljø og utmarksutnytting. At spørsmålet blir reist i Stortinget av Rasmus Hansson (MDG), syner alvoret i saka.

Skrantesjuke, eller Chronic Wasting Disease (CWD), er ein smittsam, kronisk, nevrologisk sjukdom hjå hjortevilt, som fyrste gong vart påvist hjå hjort i USA. Dyr som får sjukdomen døyr. Alarmen gjekk i 2016 då det vart påvist tilfelle av CWD på ein villrein i Nordfjella. Seinare er det påvist to tilfelle i same området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fagmiljøet jobbar med å finne metodar for å stoppe sjukdomen. Eitt av tiltaka er å sanere villreinstamma i Nordfjella mellom Rv52 og Fv50. Det er i dette området det er påvist skrantesjuke. Er sjukdomen avgrensa geografisk, kan ei sanering hindre vidare spreiing.

NINA, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og Mattilsynet har hatt informasjonsmøte for jegerar og grunneigarar, der sanering er sett på dagsorden. Alle partar innser at dei treng meir kunnskap, samtidig som klokka går med tanke på å kome i gang med tiltak.

I fyrste omgang blir dyra i det aktuelle området av Nordfjella haldne under oppsikt. Gjetarar passar på at flokkane ikkje kjem nord for Rv52 eller sør for Fv50. Samtidig held folk auge med dyr som oppfører seg annleis, som gjerne er teikn på CWD-smitte. For to veker sidan observerte Runar Sletten Bjøberg eit slikt dyr på Hemsedalsfjellet. Han stod berre 10 meter unna bukken då den faktisk gjekk til angrep på Bjøberg.

På dåverande tidspunkt var instruksen at SNO måtte koplast inn for å avlive eit dyr. Tamreinlaget som gjeter området hadde ikkje instruks for å felle eit mistenkeleg dyr. Resultatet vart at den siklande reinsbukken forsvann. Hadde dyret blitt felt, kunne ein fastslått om det leid av skrantesjuke.

Heldigvis har Miljødirektoratet raskt endra instruksen etter det som hende. I dag har tamreinlaget lov å felle dyr ein mistenkjer er smitta. Dette var ei rask og riktig avgjerd. Skal ein sikre seg meir kunnskap og hindre spreiing av sjukdomen, må ikkje nødvendig handling bli stoppa av eit omstendeleg byråkrati.